Traktbegerkulturen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Traktbeger funne i Blekinge
Funnelbeaker1.JPG

Traktbegerkulturen er ein europeisk arkeologisk kultur frå yngre steinalder (neolitikum), som var utbreidd over Nord- og Sentral-Europa frå det sørlege Noreg til den tsjekkisk-austerrikske grensa og frå Nederland til Ukraina. Det fanst ein tidleg-neolittisk traktbegerkultur som varte frå ca. 4200 f.Kr. til ca. 3200 f.Kr. Denne gjekk over i ein mellom-neolittisk traktbegerkultur frå ca. 3200 f.Kr. til ca. 2400 f.Kr. Traktbegerkulturen blir kalla for Funnel Beaker Culture på engelsk, ofte òg referert til som «TRB», som er ei forkorting av det tyske Trichterbecherkultur, nokre gonger Trichterrandbecher.

Kulturen etterfølgjar Ertebøllekulturen i Danmark, Lihultkulturen i Sverige, Ellerbeck-kulturen i Schleswig-Holstein og Swifterbantkulturen i Nederland. Hovudnæringa blei no jordbruk, medan folk var meir samlarar og jegerar enn bønder i ertebølletida. Folk budde i langhus som var 9-18 meter lange og 3,5-7,5 meter breie.

I løpet av denne perioden, i spora av framvoksteren til bondesamfunnet blei heile samfunnsstrukturen forandra til å bli eit høvdingsamfunn med stammeterritorium.

I Noreg er det funne spor frå traktbegerkulturen i Oslofjordområdet og kysten ned vestover til Lista. Med denne kulturen blei jordbruket innført til landet og dei første spora av kornpollen er funne på Lista, datert 4100 år f.kr.

Kjenneteikn og leivningar[endre | endre wikiteksten]

Kulturen har namn etter keramikk med ein spesiell utsjånad: Begerliknande kar med traktforma opningar.

Det var skikk å ofra reiskapar i myrar og vatn. I Sverige har dei funne 10 000 flintøkser, og nesten av alle desse var truleg blitt ofra i vatn. Nokre slike er òg funne i Noreg.

Gravskikken blei endra, og ein byrja å gravleggja daude i megalittgraver (storsteinsgraver). Dette skjedde først på dei danske øyane, særleg Sjælland, i form av gravlegginger i små steinkammer, såkalla dyssar. Dei var runde eller rektangulære jordhaugar som ofte skulle romma berre ei enkelt gravlegging.

Dysser[endre | endre wikiteksten]

Dysse er ei dansk nemning for megalitt- eller storsteinsgraver frå traktbegerkulturen til yngre steinalder. Ei dysse består av eit gravkammer omgjeve av ei rekkje store randsteinar. Viss haugen eller steinkrinsen er rund blir det kalla ei runddysse, og er anlegget rektangulært blir det kalla langdysse. Det eine gravkammeret i runddyssa ligg nesten alltid midt i anlegget (10-15 m i diameter), medan langdyssa, som kan vera over 100 m lang, ofte har fleire sideliggende kammer. Golvet i dyssekammeret kan dekkast med skjørbrent flint.

Etter kvart endra grava form og til ein viss grad funksjon. Dei utvikla seg til fellesgraver for ein familie eller ei slekt, såkalla jættestuer.

Ganggraver[endre | endre wikiteksten]

Ganggrav (dansk jættestue, svensk gånggrift) er eit gravkammer av stein som er dekt av ein jordhaug.[1] Einmanns-kammera blir kalla dyssar. Dei store steingraven blir kalla ganggraver (jettestover), og ein har funne opp til ca. 400 skjelett i ei jettestove på Langeland.

Hellekister[endre | endre wikiteksten]

Den tredje og yngste forma er hellekister (svensk hällkistor). Dette er avlange og firkanta gravbygningar, bygde av oppreiste steinar med overliggende heller.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Traktbegerkulturen var utbreidd over Nord- og Sentral-Europa frå det sørlege Noreg til den tsjekkisk-austerrikske grense og frå Nederland til Ukraina.

Innanfor utbreiingsområdet til traktbegerkulturen kan ein skilje ut i alle fall fira store grupper, nemleg ei i det vestlege omfattande området frå nedre Rhinen og Nordsjøen til Elben, ein sørleg, som går frå Midt-Tyskland heilt over til Ukraina, ein austleg med tyngde i det midtre og nordlege Polen og endeleg ei stor nordleg gruppe som omfatta Nordaust-Tyskland med Schleswig-Holstein, Danmark, Sør- og Midt-Sverige (opp til Värmland og Uppland) og deler av Sør-Noreg.

Michelsbergkultulturen langs Rhinen, øvre Weser og øvre Elben representerer moglegvis ei femte stor gruppe av traktbegerkulturen.

Skandinavia[endre | endre wikiteksten]

Danmark (dyssar, jættestuer, hellekister)

Bøndene i steinalderen bygde 20-40000 steindysser og 6-7000 jettestover i Danmark. 2 400 av desse er att i dag.

  • 1700 dysser i Danmark er freda
  • 700 jettestover er att
  • hellekister
  • Poskær Stenhus er den største runddyssa i Danmark. Ho ligg i det sterke kuperte landskapet på Mols og er blant dei venaste og mest kjende steindyssene i Danmark.

Sverige (dösar, gånggrifter, hällkistor)

  • Sverige har i alt registrert funn av 70 dysser og 375 ganggraver.
  • På Falan (Falbygden) ved Falköping ligg det innanfor nokre kvadratmils omkrins over 200 ganggraver (sv. gånggrifter), som Ragnvalds grav i Karleby, Luttra, ganggravene i Vårkumla og på Ekornavallen. Desse ganggravene tilhøyrer den aller eldste forma for arkitektur i verda, bygt for å finnast der for evig.
  • I Sverige finst det ca. 1500 verna hellekister (sv. hällkistor) registrert. Ein sterk konsentrasjon finst i det indre av Småland. I Ljungbytraktene åleine finst ca. 500 stykke.

Noreg (dysser, ganggraver, hellekister)

  • Det er to dyssar på Rødtangen, Holtanes i Hurum i Viken
  • Det er ei dysse på garden Skjeltorp i Skjeberg i Viken. Dette oldtidsminnet er frå om lag 3600 f.Kr.
  • Ei mogleg storsteinsgrav frå yngre steinalder på Oddernes i Kristiansand.

Kultsenter

Det største kultsenteret er funne på SarupFyn i 1968. Det er 85 000 m² stort. Eit anna senter på Stävie ved Lund omfattar 30 000 m².

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Caplex.no