Hamrinsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hamrinsjøen
vassreservoar
Land  Irak
Guvernement Diyala guvernement
Koordinatar 34°11′28″N 44°59′42″E / 34.19111°N 44.99500°E / 34.19111; 44.99500
Areal 340 km²
Grunnlagd 1981
Kart
Hamrinsjøen
34°11′28″N 44°59′42″E / 34.191111111111°N 44.995°E / 34.191111111111; 44.995

Hamrinsjøen, eller Diyala-demningen, er ein menneskeskapt innsjø kring 50 km nordaust for Baquba i Diyala guvernement i Irak. Byen Hamrin ligg ved vestbreidda av innsjøen, og begge ligg lengst sør i Hamrinfjella.

Innsjøen vart fylt i 1981 og held over to milliardar kubikkmeter vatn. Her finst fisk og han gjev vatn til daddelpalmelundar og anna jordbruk i nærleiken.

I juni 2008 vart det rapportert at sidan Iran hadde demd opp elva Alwand, hadde innsjøen mista nesten 80 % av kapasiteten.[1]

Arkeologiske utgravingar[endre | endre wikiteksten]

Seint i 1970-åra, før innsjøen vart fylt, vart det gjort fleire arkeologiske utgravingar i området. Utgravingane vart leia av British Archaeological Expedition etter førespurnad av Den irakiske statsorganisasjonen for antikvitetar og arv. Av stader som vart utgrave finn ein Tell Madhur, Tell Rubeidheh og Tell Haizalun frå Ubaid-perioden.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.irinnews.org/report.aspx?ReportID=78802
  2. Roaf, M. 1982. The Hamrin Sites. I: J. Curtis (red.) Fifty Years of Mesopotamian Discovery. London: The British School of Archaeology in Iraq. s. 40-47