Handball-NM 2000/01 for kvinner
Noregsmeisterskapen i handball 2000/01 for kvinner vart vunne av Bækkelagets Sportsklub etter finalesiger 26 – 20 over Nordstrand Idrettsforening.
Finalen
[endre | endre wikiteksten]Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 28. april 2001 framfor 3 117 tilskodarar. Bækkelaget tok føringa tidleg i oppgjeret og leia 13 – 8 ved pause. I den andre omgangen kontrollerte Bækkelaget kampen inn til seksmålssiger.
Meisterlaget Bækkelaget stilte med Cecilie Leganger i mål, målskårarar var Ausra Fridrikas (7), Mette Ruud Johansen (4), Sorina Teodorovic (4), Hanne Halèn (3), Siv Heim Sæbøe (3), Lene Tønnesen (3) og Lise M. Larssen (2).
Nordstrand sine mål kom frå Anette Hovind Johansen (5), Monica Sandve (4), Else Marthe Sørlie (4), Kari Anne Eid (2), Erika Polozova (2), Hæge Fagerhus (2) og Randi Gustad (1).
Dommarane straffa Bækkelaget med tre 2-minuttutvisingar og Nordstrand med ei.