Cecilie Leganger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Cecilie Leganger
Cecilie Leganger 22.04.2009 small.jpg
Fødd 12. mars 1975
Bergen
Yrke handballspelar
Cecilie Leganger på Commons

Cecilie Leganger (fødd 12. mars 1975) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Bergen. Ho vann EM-gull 1998 og VM-gull 1999 med Noreg, og elles to VM-sølv, EM-bronse og OL bronse i tida 1993-2001. Leganger, som var målvakt, vart i seks av dei åtte internasjonale meisterskapane ho deltok i, kåra til turneringas best målvakt. Som klubbspelar vann ho både meisterligaen og EHF-pokalen tre gongar, og vart seriemeister i Noreg fem gongar, i Slovenia og i Danmark ein gong, og dessutan nasjonal cupvinnar i Noreg fem gongar, i Danmark to gongar, og i Slovenia ein gong. Ho spelte på laga til Fyllingen IL, Tertnes IL, Bækkelagets SK, Krim Ljubljana, Slagelse DT, FCK Håndbold og Larvik HK.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Leganger var Fyllingen-spelar då ho debuterte på det norske landslaget 2. februar 1993 mot Polen. Under VM 1993 på norsk heimebane utmerkte ho seg på eit norsk lag som vann bronse. Sameleis ved handball-EM 1994, då Noreg atter vann bronsefinalen. Våren 1996 trekte ho seg frå handballspel, og var såleis ikkje med til Sommar-OL i Atlanta. Tre veker før handball-EM 1998 kom ho tilbake på landslaget og var ein viktig bidragsytar til at Noreg vann sin fyrste internasjonale meistertittel. Året etter var ho med då Noregs handballkvinner gjekk til topps i Handball-VM 1999 på heimebane. Under Sommar-OL 2000 i Sydney vann ho ein ny bronsemedalje. Ho mangla ein internasjonal sølvmedalje, den fekk ho etter at Noreg tapte finalen i handball-VM 2001. Leganger spelte sin 162. og siste landskamp 27. mars 2003. Sidan då avslo ho alle tilbod om landslagplass.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Leganger var opphavleg medlem av Løv-Ham. 17 år gammal melde ho seg inn i Fyllingen IL, deretter gjekk ho over til byrival Tertnes IL. I 1997 vart ho hanka inn til Bækkelagets Sportsklubb, leia av Frode Kyvåg. Etter fire år i Oslo, spelte ho to sesongar i Tertnes. I 2003 fekk Leganger kontrakt med slovenske Krim Ljubljana, der ho spelte ein sesong. Åra 2004-10 var ho aktiv i Danmark, fyrst for Slagelse DT, så for FCK Håndbold. Frå 2010 til ho vart langvarig skadd hausten 2013, vakta ho målet til den suverene einaren i norsk seriehandball, Larvik HK.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1999 med Noreg
  • Europameister: 1998 med Noreg
  • VM-sølv: 2001 med Noreg
  • VM-bronse: 1993 med Noreg
  • OL-bronse: 2000 med Noreg
  • EM-bronse: 1994 med Noreg
  • Vinnar av Meisterligaen: 2005 og 2007 på Slagelse DT, 2011 på Larvik HK (3)
  • Vinnar av EHF-pokalen: 1998 og 1999 på Bækkelaget, 2009 på FCK Håndbold (3)
  • Norsk seriemeister: 1999 på Bækkelaget, 2011-2014 på Larvik HK (5)
  • Slovensk seriemeister: 2004 på Krim Ljubljana
  • Dansk seriemeister: 2007 på Slagelse DT
  • Norsk cupmeister: 1999 og 2001 på Bækkelaget, 2010-2012 på Larvik HK (5)
  • Slovensk cupmeister: 2004 på Krim Ljubljana
  • Dansk cupmeister: 2005 på Slagelse DT og 2010 på FCK Håndbold (2)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]