Handball-NM 2020/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Noregsmeisterskapen i handball 2020 for menn vart vunnen av Elverum Idrettslag etter finalesiger 37 – 29 over Nærbø Idrettslag.

Finalen vart avvikla i Storhamar-hallen på Hamar 29. desember 2020 framfor 200 tilskodarar. Talet tilskodarar var avgrensa etter gjeldande regelverk under Covid-19-pandemien. Laga fylgde kvarandre til stillinga 6 – 6. Derifrå drog storfavoritten Elverum ifrå og leia med fire mål til pause, 19 – 15. Tidleg i den andre omgangen auka Elverum leiinga til seks mål og kontrollerte sidan inn til åttemålstriumf.

Elverum sine mål kom frå Simen Schønningsen, Dominik Mathe, Thomas Solstad, Alexander Blonz, alle saman enda opp med kvar sine 6 nettkjenningar. Dei resterande måla skåra Tobias Grøndahl (5), Carl Pujol (3), Johan Fingren (2), Christopher Hedberg, Simen Holand Pettersen og Endre Langaas, (1 mål kvar). Thorsten Fries og Emil Imsgard var målvakter.

For Nærbø skåra både Horst Haugseng og Tord Lode 7 mål, Lars Sigve Hamre 4 gongar, Tord Haugseng, Mike Lønne, Sindre Heldal, alle saman 3 mål, medan Stian Vigre, Rassin Haugseng, Theodor Svensgård. Preben Nord-Varhaug og John Thue noterte seg for 1 mål kvar.

Dommarane Lars Jørum og Håvard Kleven straffa Elverum med fire 2-minuttsutvisingar og Nærbø med tre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]