Handball-NM 2022/23 for kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Noregsmeisterskapen i handball 2022/23 for kvinner vart vunnen av Vipers frå Kristiansand som sigra i finalen med 30–23 over Sola Håndball. Dermed sikra klubben seg sin sjette strake kongepokal.

Kvartfinalane[endre | endre wikiteksten]

Semifinalane[endre | endre wikiteksten]

  • Sola – Storhamar IL 29–26
  • Vipers – Byåsen IL 32–29

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Finalen vart avvikla på Sør Amfi i Arendal laurdag 26. februar 2023 framfor 2 000 tilskodarar. Kampen var jamn til vel halvvegs i fyrste omgang og stillinga 7–7. Mot slutten av omgangen gjekk laget frå Kristiansand opp i firemålsleiing, til pause reduserte Sola til 12–14. Frå stillinga 14–14 rykte Vipers til og gjekk opp 20–15. Sidan styrte laget inn til siger 30–23.

For Vipers skåra Anna Vjakhireva 7 mål, Markéta Jeřábková 5, Ragnhild Valle Dahl 4, Sunniva Andersen, Jana Knedlíková og Océane Sercien-Ugolin, 3 alle, Katarina Ježić og Jamina Roberts, 2 begge, Tuva Høve 1. Silje Waade bidrog mykje i forsvar. Sofie Börjesson og Katrine Lunde var målvakter.

Sola sine mål kom frå Maja Magnusen og Live Deila, 5 begge, Lene Tveiten 4, Merlinda Qorraj, Frøydis Seierstad og Martine Wolff, 3 alle. Rinka Duijndam vakta målet.

Dommarane Magnus Nygren og Andreas Borge straffa Vipers med tre og Sola med to 2-minuttsutvisingar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]