Hangtown fry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hangtown Burger, hamburger med hangtown fry.

Hangtown fry er ein type omelett som blei kjend i samband med gullrushet i California på 1850-talet. Den vanlegaste versjonen inneheld bacon og østers som blir steikt saman med egg.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Retten skal først ha blitt laga i Placerville i California, som då blei kalla Hangtown. Den vanlegaste soga er at han blei laga då ein gullgravar fann gull, og drog til Cary House Hotel og bestilte den dyraste retten ein kunne laga der. Dei dyraste ingrediensane var egg, som var skjøre og måtte fraktast forsiktig til gruvebyen; bacon, som kom frå austkysten, og østers, som måtte fraktast med is frå San Francisco, over 100 miles unna.[1][2]

Ei anna opphavssoge blir fortald ved Sam's Grill i Tiburon, like nord for San Francisco. Ved det lokale fengselet i Placerville blei ein dødsdømd mann spurt om kva han ville eta som det siste måltidet sitt. Han tenkte raskt, og bad om ein østersomelett, ettersom han visste at ein måtte frakta østers frå vatn, over hundre miles unna, via dampskip og over dårlege vegar. Dette forseinka avrettinga hans med eit døgn.

Retten blei gjort kjend av Tadich Grill i San Francisco, der han skal ha vore på menyen i rundt 160 år.[3] Seinare variasjonar av retten omfattar bruk av lauk, paprika, ulike krydder og frityrsteiking av østersane før ein har dei i omeletten.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I episoden The Hangtown Fry frå fjernsyns-anthologiserien Death Valley Days frå 1962 , speler Fabrizio Mioni den unge mannen Paul Duval som er uskuldig dømt til døden i Placerville, på tida då staden var kjend som Hangtown. I soga finn Duval på å be om ein rett av bacon og østers i ein omelett for å utsetja avrettinga si medan kjærasten hans, Ann Alton (Nancy Rennick), leiter etter informasjon for å frigjera han. Retten er blitt servert på etestader i California.[4]

Booth Seafood Co sitt kompendium av James Beard si sjømatkokebok frå 1954 har med tre oppskrifter på retten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Noble, Doug. «The Hangtown Fry». City of Placerville, CA. Henta 15. juli 2018. 
  2. Goldman, Marlene (October 22, 1999). «Placerville: Old Hangtown». The San Francisco Chronicle. Henta 11. april 2007. 
  3. Amanda Gold (31. mai 2009). «Bay Area stars freshening up 5 classic dishes». San Francisco Chronicle. 
  4. «The Hangtown Fry on Death Valley Days». Internet Movie Database. Henta June 25, 2019.