Hankjønn
Hopp til navigering
Hopp til søk
- For hannkjønn i språk, sjå maskulinum
Hannkjønn eller hankjønn er kjønnet til ein organisme som lagar sperm og ikkje egg. «Sperm» er definert som den minste og vanlegvis mest rørlege kjønnscella i heterogame artar, der den motsette kjønnscella blir laga av hokjønn.
Symbol[endre | endre wikiteksten]
Hannkjønn blir ofte uttrykt med symbolet ♂ (Unicode U+2642), ein sirkel med ei pil som peiker mot nordaust. Dette er ei stilisert framstilling av spydet og skjoldet til guden Mars.
Utvikling[endre | endre wikiteksten]
Det finst ingen felles genetisk mekanisme for korleis individ får hannkjønn innan ulike artar, slik at utviklinga av to kjønn tydelegvis har skjedd fleire gonger uavhengig av kvarandre i ulike evolusjonsliner.