Hanna Jensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hanna Jensen
Hanna Jensen 2015.JPG
PartiFramsókn, Fólkaflokkurin
Fødd19. februar 1973
FødestadLeirvík

Hanna Jensen (fødd 19. februar 1973 i Leirvík) er ein færøysk adjunkt og politikar for partiet Framsókn. I februar 2019 vart ho medlem av Færøyanes regjering som utdannings- og forskingsminister.[1]

Etter studentereksamen har ho tatt mastergrad i færøysk og fransk språk og litteratur, i tillegg til eksamenar i pedagogikk og jus, ved Københavns Universitet og Fróðskaparsetur Føroya. Jensen har vore adjunkt og studietrettleiar ved den vidaregåande skulen i Kambsdalur sidan 2005, etter å ha undervist ved den tekniske skulen i Klaksvík. Jensen har òg vore timelærar i færøysk litteratur ved Føroya Læraraskúli. Ho er busett i Norðragøta.[2]

Jensen har vore medlem av kommunestyret i Eysturkommuna sidan 2009, og har leia både velferdsutvalet og kulturutvalet.[2][3] Ho representerte Fólkaflokkurin fram til 2011, då ho tok initiativ til å danna det nasjonale og liberale partiet Framsókn saman med Poul Michelsen.[4] Jensen har sidan vore nestformann i partiet. I perioden 2011–2015 var ho vararepresentant til Lagtinget, der ho periodevis møtte for representantane Poul Michelsen og Janus Rein.[5] I 2015 vart Jensen innvalgt som representant.

Jensen har vore fransk konsul på Færøyene sidan 2010.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tvey landsstýrisfólk sita fyri mentamálum» (færøysk). Løgmansskrivstovan. 14. februar 2019. Henta 28. februar 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Løgtingsvalið 2011. Valevni til løgtingsvalið. Hanna Jensen» (færøysk). Framsókn. 2011. Henta 26. juli 2014. 
  3. «Býráðslimir» (færøysk). Eysturkommuna. Arkivert frå originalen 2015-09-24. Henta 26. juli 2014. 
  4. Lindenskov, Eirikur (9. mars 2011). «Nýggi flokkurin hjá Poul eitur »Framsókn«». Sosialurin (færøysk). Arkivert frå originalen 2012-07-22. Henta 26. juli 2014. 
  5. «Varamenn fyri tingmenn valdir 2011» (færøysk). Løgtingið. Henta 26. juli 2014. 
  6. Poulsen, Leo (7. mai 2010). «Øskan forpurrar konsulskifti». Sosialurin (færøysk). Henta 26. juli 2014. [daud lenkje]