Klaksvík

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klaksvík
Faroe Islands Føroyar Færøerne Wyspy Owcze 2019 (1).jpg
Land Flag of the Faroe Islands.svg Færøyane

Klaksvík
62°13′26″ N 6°34′43″ W
Wikimedia Commons: Klaksvík
Utsyn frå hamna mot øya Kunoy.
Eit skipsverft i Klaksvík.

Klaksvík (IPA ˈklakːsvʊik) er den nest største byen på Færøyane etter Torshavn. Ein gamal skrivemåte er Klakksvík. På dansk heiter byen Klaksvig. Klaksvík er fiskerihovudstaden, og er den største færøyske byen nordpå.

Ein ting som er verd å sjå er Christianskirkja som var bygd i 1963. I kyrkja finst det ein 4000 år gamal heilag stein. Opphavleg skal steinen ha vore ei offerskål i eit tempel i Danmark.

Ved fiskeindustrien i Klaksvík finst det eit bryggeri, Föroya Bjór. Det andre bryggeriet på Færøyane, Restorffs Bryggjarí, finn ein i Tórshavn.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Klaksvík ligg på øya Borðoy, som er den største av dei færøyske nordøyane. Byen ligg i ein dal ved enden av ein liten fjord. Kring byen er fjella Myrkjanoyrarfjall (689 m), Háafjall (647 m), Hálgafelli (503 m) og Klakkur (414 m). Byen er oppkalla etter fjellet Klakkur. Klakkur tyder overståande eller overhengjande fjell.

Klaksvíkar kommuna vart frå 1. januar 2005 slegen saman med tidlegare Mikladalur kommuna. Kommunen hadde i 2005 i underkant av 5000 innbyggjarar. Dei aller fleste av desse bur i byen Klaksvík.

Klaksvík kjem ein til frå hovudstaden Tórshavn ved å køyra over øyane Streymoy og Eysturoy via tunnelen mellom Leirvík og Klaksvík.

Om ein reiser vidare mot nordaust, kjem ein til øya Viðoy. Heilt nord kjem ein til Viðareiði, med Kap Enniberg. Då er ein så langt nord ein kan koma på Færøyane.

Personar med tilknyting til Klaksvík[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Klaksvík