Hannibalianus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Follis av «kong» Hannibalianus.

Flavius Hannibalianus eller berre Hanniballianus (d. september 337) var eit medlem av det konstantinske dynastiet, som herska overRomarriket på 300-talet.

Hannibalianus var son av Flavius Dalmatius, og dermed ein nevø av Konstantin den store.[1][2] Hannibalianus og bror hans Dalmatius blei utdanna i Tolosa (Toulouse) av rhetoren Exuperius (som truleg ikkje er den same som den heilage Exuperius).

I 320-åra sende keisar Konstantin bod på Flavius Dalmatius og sonane hans om å koma til Konstantinopel. Hannibalianus blei gift med eldsedottera til keisaren, Constantina, i 335,[1] og blei gjort til nobilissimus.[3]

I samband med Konstantin sitt hærtog mot Sassanideriket i 337 blei Hannibalianus utnemnd til Rex Regum et Ponticarum Gentium, 'Konge av kongar og av det pontiske folket'.[1][2] Konstantin planla truleg å krona han som pontisk herskar etter at dei persiske sassanidane var overvunne.

Det persisk hærtoget fann ikkje stad ettersom Konstantin døydde i mai 337. Hannibalianus og bror hans døydde begge i den blodige valden som fann stad i keisarfamilien etter keisaren sitt dødsfall.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Ammianus Marcellinus, xiv i.2.
  2. 2,0 2,1 Aurelius Victor, 41.20
  3. Zosimus, ii.39.2.
  4. Zosimus, iii.40.3; Flavius Claudius Iulianus, Epistula ad Athenienses, 270 C.
Primærkjelder
Sekundærkjelder

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hannibalianus