Konstantin den store

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Keisar Konstantin på ein mynt frå 313, saman med Sol Invictus, ein gud som kunne godtakast av både kristne og romerske heidningar.

Konstantin den store (27. februar 27222. mai 337) eller Konstantin I var romersk keisar frå 25. juli 306 til han døydde. Han er best kjend som den første kristne keisaren i Romarriket, og som grunnleggjar av byen Konstantinopel (Istanbul). Konstantin er ein helgen i den ortodokse kyrkja, der han er rekna som isapostolos, «jamstilt med apostlane».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Konstantin var fødd Flavius Valerius Constantinus og var son av Flavius Valerius Constantius, seinare keisar Konstantius I Chlorus og Flavia Julia Helena, seinare Sankt Helena. Han blei fødd i Naissus i provinsen Moesia, dagens Niš i Serbia. Faren gjekk seinare frå Helena, som var av låg byrd, og gifta seg i staden med Theodora, dotter av keisar Maximian.

Konstantius blei først vald cæsar, ein slags underkeisar, i 293. Sonen Konstantin tente ved hoffet til den andre keisaren, Diokletian, i Nikomedia, som eit slags gissel for god framferd frå faren. Han fekk ei god utdanning, og gifta seg med Minervina i 303. Dette året byrja også Diokletian sine kristenforfølgingar. Konstantin kjende religionen frå hoffet og reiser, og kan til og med ha hatt kristne familiemedlemmer.

Statue av Konstantin i York i England, nær staden der han blei utropt til keisar.

Keisar[endre | endre wikiteksten]

Då keisarane Maximian og Diokletian trekte seg tilbake i 305, blei Konstantin sin far Konstantius utnemnd til keisar med tittelen augustus. I 306 la han ut på eit hærtog der Konstantin var med frå Gesoriacum (no Boulogne). Dei fortsette til Storbritannia, der dei kjempa mot skottar og piktarar ved den romerske nordgrensa. Her sjukna keisaren til, og døydde den 25. juli i Eboracum (York). Troppane til Konstantin utropte han til ny keisar.

Ved hjelp av keisar Maximian og sonen Maxentius nedkjempa Konstantin rivalen Flavius Valerius Severus. I 307 gifta han seg med Maximian si dotter Fausta. I 310 prøvde Maximian å styrta Konstantin, men mislukkast og blei tvungen til å ta livet sitt. I 312 nedkjempa han Maxentius nær Roma. Konstantin var lenge alliert med austkeisaren Licinius, men etter ein periode med konflikt gjekk han til åtak i 324, nedkjempa Licinius, og blei einekeisar i Romarriket. Etter sigeren kalla han den austromerske hovudstaden, Bysantium, opp etter seg sjølv – Konstantinopel.

Kristen[endre | endre wikiteksten]

Konstantin tilskreiv mange av sigrane sine hjelp frå den kristne guden. Som vest- og seinare einekeisar gjekk han inn for å stoppa forfølginga av kristne og seinare å fremja kristendommen i riket. I 313 møtte han Licinius i Mediolanum (Milano) og blei einig med han om å tolerera kristne og gje tilbake konfiskert eigedom, ein avtale kjend som Ediktet frå Milano. Han gav privilegium og gåver til kyrkja, som Laterankyrkja og Lateranpalasset, og stod bak mange kyrkjebygg, men blei ikkje døypt før ved slutten av livet sitt.

I 325 innkalte Konstantin biskopane i alle provinsane til konsilet i Nikea, den første økumeniske samlinga i den kristne kyrkja. Her feira han tjueårsjubileet sitt som keisar, noko han også markerte i Roma i 326. Her fornærma han romarane gjennom a nekta han å ta del i heidenske opptog. Dette var siste gongen byen blei vitja av Konstantin, som i staden konsentrerte seg om Konstaninopel og Jerusalem.

Også i 326 stilde Konstantin sonen sin med Minervina, Crispus, for retten, og han blei dømd til døden og avretta. Seinare fekk han også kona Fausta drepen, og gav ordre om utslettinga av minnet om dei tidlegare favorittane sine. Det er uklart kva grunnar han hadde til dette, men ei utbreidd seinare forklaring er at Fausta skal ha kome med ei skulding om tilnærmingar frå Crispus som seinare viste seg vera falsk.

På 330-talet sigra Konstantin over gotarar og gjenerobra den tidlegare provinsen Dakia. Han førebudde eit slags krosstog mot Persarriket då han blei sjuk i 337. Han drog for å ta kurbad i Helenopolis (Altinova) og gjennomgjekk katekumenat som førebuing til å ta imot den kristne dåpen. Konstantin vende så tilbake mot Konstaninopel, men nådde berre Nikomedia før enden nærma seg. Han blei døypt av biskopen i byen, Eusebios, og døydde kort tid seinare. Han blei gravlagd i Apostelkyrkja i Konstaninopel, som han sjølv hadde bygd.

Mosaikk av Konstantin i Hagia Sofia.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Keisar Konstantin stod bak bygginga av fleire storslåtte kyrkjebygg: Den første Hagia Sofia i Konstantinopel, den gamle Peterskyrkja i Roma, og Gravkyrkja i Jerusalem, der mora Helena hadde funne «den sanne krossen».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstantin den store
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.