Hans Aarnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Aarnes
Fødd 6. mai 1886
Død

25. oktober 1960

Yrke journalist

Hans Daniel Aarnes (6. mai 188625. oktober 1960) var skribent, redaktør og forlagsmann. Han var fødd i Vestrefjord i Haram kommuneSunnmøre.

I ungdomen var Aarnes fiskar og sjømann nokre år. Som journalist og redaktør var han inn om fleire aviser og blad ulike stader i Noreg:

Aarnes var oppteken av å lære andre journalistikk. Etter eit studieopphald i USA starta han, som den første journalistopplæringa i Noreg, Bladmannskulen i 1919. Han skreiv og fleire småbøker til bruk for journalistar.

I 1940 starta Hans Aarnes Fonna Forlag. Han var sentral då dette forlaget starta å gi ut Norsk Allkunnebok, som kom i ti bind frå 1948-1966. Han var og drivkrafta bak dei nynorske teikneseriane Vangsgutane og Ingeniør Knut Berg på eventyr. I 1940 gav han ut Grunnlov for kongeriket Noreg, hans eiga omsetjing av Grunnlova til nynorsk. Aarnes skreiv og gav ut skodespel og diktsamlingar, utan at han har vorte kjend for det.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]