Hans Andreas Tanberg Gløersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Andreas Tanberg Gløersen
Fødd 16. februar 1836
Død

1. september 1904

Yrke redaktør

Hans Andreas Tanberg Glørsen (16. februar 18361. september 1904) var ein norsk forstmann. Sidan han i 1871 lanserte tanken om Bergensbanen, har han fått heiderstittelen «Bergensbanens far».

Hans Andreas Tanberg Glørsen vart fødd i Nord-Aurdal som son av lækjaren Jørgen Gustav Gløersen og Gunda Sophie Cathrine Tanberg (1811–99). Han vart gift 1868 med Rachel Marie Carlsen. Gløersen tok examen artium 1853 og juridisk embetseksamen 1858. Etter studium ved forstakademiet i Giessen i Tyskland med eksamen 1860, vart han tilsett som forstassistent i Lesja. I 1866 vart han tilsett som forstmeister i Vestlandske forstdistrikt, ei stilling han hadde til han gjekk av 1895. Her vart han den første til å drive skogplanting i stort omfang i Noreg. 1885 starta han Landbrugstidende for Vestlandet, og var redaktør i bladet til det gjekk inn 1891.

Då han i ein artikkel i Bergensposten la fram tanken om å byggje Bergensbanen, peikte han òg på kva for trasé banen burde følgje, eit framlegg som låg svært nær traséen som til slutt vart valt. Sidan tok han til ords for bygging av Jærbanen. I 1885 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

H.A. Tanberg Glørsen døydde i Kristiania.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]