Hans Brattskar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Brattskar
Hans Brattskar2 (13287267555) (cropped).jpg
Foto: Norsk olje og gass
Fødd 1. juli 1956 (62 år)
Parti Høgre
Yrke Diplomat
Verv Statssekretær i Utanriksdepartementet
 - periode 16. oktober 2013–2015
 - regjering Solberg

Hans Brattskar (fødd 1. juli 1956) er ein norsk embetsmann som har arbeidd som ambassadørSri Lanka, rådgjevar i SN og sidan 2008 leiar for regjeringa sitt klima- og regnskogprosjekt. Frå 2013 til 2015 var han statssekretær i Utanriksdepartementet i regjeringa Solberg.

Hans Brattskar er utdanna siviløkonom og statsvitar i USA. Han har arbeidd i norsk utanriksteneste sidan 1986. Frå 1993 til 1998 hadde han leiarstillingar ved sekretariata til bistandsministeren og seinare utviklingsministeren. Brattskar var ministerråd ved SN-delegasjonen i New York frå 1998 til 2003, og var frå 2003 til 2007 norsk ambassadør]] på Sri Lanka. I 2008 blei han tilsett som leiar for den norske regjeringa sitt klima- og regnskogprosjekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]