Regjeringa Solberg
Regjeringa Solberg var Noregs regjering frå 16. oktober 2013 til 14. oktober 2021 med statsminister Erna Solberg som regjeringssjef. Regjeringa tiltredde etter den borgarlege valsigeren ved stortingsvalet i 2013, og fekk eit fornya parlamentarisk fleirtal bak seg etter stortingsvalet 2017.
I byrjinga gjekk regjeringa ut frå Høgre (H) og Framstegspartiet (Frp). Ho vart også kalla Høgre–Frp–regjeringa og den «blåblå» regjeringa,[1] og baserte seg på ein samarbeidsavtale med Venstre (V) og Kristeleg Folkeparti (KrF).[2] Den 17. januar 2018 vart regjeringa utvida med Venstre og vart då kalla den «blågrøne» regjeringa.[3] Den 22. januar 2019 vart regjeringa utvida med Kristeleg Folkeparti.[4] Dimed vart Solberg-regjeringa den første borgarlege fleirtalsregjeringa sidan 1985.
24. januar 2020 gjekk Frp ut av regjeringa, og vart det første partiet i Noregs historie som har forlate ei sitjande regjering. Regjeringa heldt fram som mindretalsregjering og styrte på grunnlag av Granavolden-erklæringa, som var utarbeidd i 2019 av dei fire borgarlege partia.
Samansetnad
[endre | endre wikiteksten]I statsråd 16. oktober klokka 10 vart statsrådane i regjeringa Solberg utnemnde.[5] Fordeling av ansvarsområde vart gjort i statsråd 16. oktober klokka 12.[6] I tabellen er statsrådane ført opp med departementsnamn slik desse er etter endringane 24. januar 2020.
| Namn | Parti | Frå | Til | Merknad | |
|---|---|---|---|---|---|
| Statsminister | Erna Solberg (f. 1961) |
H | 16. oktober 2013 | 14. oktober 2021 | |
| Statsråd i | Namn | Parti | Frå | Til | Merknad |
| Statsministerens kontor | Vidar Helgesen (f. 1968) |
H | 16. oktober 2013 | 16. desember 2015 | Vart klima- og miljøminister |
| Utanriksminister | Børge Brende (f. 1965) |
H | 16. oktober 2013 | 20. oktober 2017 | Avskil i nåde |
| Ine Marie Eriksen Søreide (f. 1976) |
H | 20. oktober 2017 | 14. oktober 2021 | ||
| Utanriksdepartementet (EØS- og EU-minister, og nordisk samarbeidsminister) |
Elisabeth Aspaker (f. 1962) |
H | 16. desember 2015 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
| Frank Bakke-Jensen (f. 1965) |
H | 20. desember 2016 | 20. oktober 2017 | Vart forsvarsminister | |
| Marit Berger Røsland (f. 1978) |
H | 20. oktober 2017 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
| Utanriksdepartementet (Utviklingsminister) |
Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 17. januar 2018 | 22. januar 2019 | Vart digitaliseringsminister |
| Dag Inge Ulstein (f. 1980) |
KrF | 22. januar 2019 | 14. oktober 2021 | ||
| Finansdepartementet | Siv Jensen (f. 1969) |
Frp | 16. oktober 2013 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa |
| Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Arbeids- og sosialdepartementet | Robert Eriksson (f. 1974) |
Frp |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
| Anniken Hauglie (f. 1972) |
H | 16. desember 2015 | 24. januar 2020 | Avskil i nåde | |
| Torbjørn Røe Isaksen (f. 1972) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Barne- og familiedepartementet | Solveig Horne (f. 1969) |
Frp |
16. oktober 2013 |
17. januar 2018 |
Avskil i nåde |
| Linda Hofstad Helleland (f. 1979) |
H | 17. januar 2018 | 22. januar 2019 | Avskil i nåde | |
| Kjell Ingolf Ropstad (f. 1985) |
KrF | 22. januar 2019 | 20. september 2021 | Trekte seg som statsråd | |
| Olaug Bollestad (f. 1961) |
KrF | 20. september 2021 | 14. oktober 2021 | ||
| Forsvarsdepartementet | Ine Marie Eriksen Søreide (f. 1976) |
H | 16. oktober 2013 | 20. oktober 2017 | Vart utanriksminister |
| Frank Bakke-Jensen (f. 1965) |
H | 20. oktober 2017 | 14. oktober 2021 | ||
| Helse- og omsorgsdepartementet (Helseminister; Helse- og omsorgsminister frå 24. januar 2020) |
Bent Høie (f. 1971) |
H | 16. oktober 2013 | 14. oktober 2021 | |
| Helse- og omsorgsdepartementet (Eldre- og folkehelseminister) |
Åse Michaelsen (f. 1960) |
Frp | 17. januar 2018 | 3. mai 2019 | Avskil i nåde[7] |
| Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 3. mai 2019 | 18. desember 2019 | Vart olje- og energiminister | |
| Terje Søviknes (f. 1969) |
Frp | 18. desember 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
| Justis- og beredskapsdepartementet (Eigen minister for innvandringssaker 16. desember 2015–17. januar 2018;[8] Eigen minister for vernebuingssaker 22. januar 2019–24. januar 2020) |
Anders Anundsen (f. 1975) |
Frp | 16. oktober 2013 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
| Per-Willy Amundsen (f. 1971) |
Frp | 20. desember 2016 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
| Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 17. januar 2018 | 20. mars 2018 | Avskil i nåde[a] | |
| Tor Mikkel Wara (f. 1964) |
Frp | 4. april 2018[9][10][11][12] | 15. mars 2019 | Avskil i nåde[b] | |
| Jøran Kallmyr (f. 1978) |
Frp | 29. mars 2019[14] | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
| Monica Mæland (f. 1968) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Innvandrings- og integreringsminister (Ansvar for innvandringsområdet i Justis- og beredskapsdepartementet og ansvar for integreringsområdet i Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet) |
Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Vart justis-, beredskaps- og innvandringsminister |
| Justis- og beredskapsdepartementet (Samfunnstryggingsminister) |
Ingvil Smines Tybring-Gjedde (f. 1965) |
Frp | 22. januar 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa |
| Kommunal- og moderniseringsdepartementet |
Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 16. oktober 2013 | 17. januar 2018 | Vart kunnskapsminister |
| Monica Mæland (f. 1968) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart justisminister | |
| Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Kulturdepartementet (Kultur- og likestillingsminister frå 19. januar 2019) |
Thorhild Widvey (f. 1956) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
| Linda Hofstad Helleland (f. 1979) |
H | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Vart barne- og likestillingsminister | |
| Trine Skei Grande (f. 1969) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart kunnskaps- og integreringsminister | |
| Abid Raja (f. 1975) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Kunnskapsdepartementet (Kunnskapsminister; Kunnskaps- og integreringsminister frå 17. januar 2018) |
Torbjørn Røe Isaksen (f. 1978) |
H |
16. oktober 2013 |
30. august 2017 |
Foreldrepermisjon |
| 27. november 2017[15] | 17. januar 2018 | Vart nærings- og fiskeriminister | |||
| Jan Tore Sanner (f. 1965) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart finansminister | |
| Trine Skei Grande (f. 1969) |
V | 24. januar 2020 | 13. mars 2020 | Trekte seg som statsråd | |
| Guri Melby (f. 1981) |
V | 13. mars 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Kunnskapsdepartementet (Forskings- og høgare utdanningsminister) |
Iselin Nybø (f. 1981) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart næringsminister |
| Henrik Asheim (f. 1983) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Landbruks- og matdepartementet | Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 16. oktober 2013 | 16. desember 2015 | Vart minister i Justis- og beredskapsdepartementet |
| Jon Georg Dale (f. 1984) |
Frp | 16. desember 2015 | 31. august 2018 | Vart samferdselsminister | |
| Bård Hoksrud (f. 1973) |
Frp | 31. august 2018[16] | 22. januar 2019 | Avskil i nåde | |
| Olaug Bollestad (f. 1961) |
KrF | 22. januar 2019 | 14. oktober 2021 | ||
| Klima- og miljødepartementet | Tine Sundtoft (f. 1967) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Avskil i nåde |
| Vidar Helgesen (f. 1968) |
H | 16. desember 2015 | 17. januar 2018 | Avskil i nåde | |
| Ola Elvestuen (f. 1967) |
V | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Avskil i nåde | |
| Sveinung Rotevatn (f. 1987) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Nærings- og fiskeridepartementet (Næringsminister) |
Monica Mæland (f. 1968) |
H | 16. oktober 2013 | 17. januar 2018 | Vart kommunal- og moderniseringsminister |
| Torbjørn Røe Isaksen (f. 1978) |
H | 17. januar 2018 | 24. januar 2020 | Vart arbeids- og sosialminister | |
| Iselin Nybø (f. 1981) |
V | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Nærings- og fiskeridepartementet (Fiskeriminister) |
Elisabeth Aspaker (f. 1962) |
H |
16. oktober 2013 |
16. desember 2015 |
Vart minister i Utanriksdepartementet |
| Per Sandberg (f. 1960) |
Frp | 16. desember 2015 | 13. august 2018[17] | Avskil i nåde | |
| Harald Tom Nesvik (f. 1966) |
Frp | 13. august 2018[17][18] | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
| Geir Inge Sivertsen (f. 1965) |
H | 24. januar 2020 | 2. mars 2020 | Trekte seg som statsråd | |
| Odd Emil Ingebrigtsen (f. 1964) |
H | 2. mars 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Olje- og energidepartementet | Tord Lien (f. 1975) |
Frp | 16. oktober 2013 | 20. desember 2016 | Avskil i nåde |
| Terje Søviknes (f. 1969) |
Frp | 20. desember 2016 | 31. august 2018 | Avskil i nåde | |
| Kjell-Børge Freiberg (f. 1971) |
Frp | 31. august 2018 | 18. desember 2019 | Avskil i nåde | |
| Sylvi Listhaug (f. 1977) |
Frp | 18. desember 2019 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
| Tina Bru (f. 1986) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Samferdselsdepartementet | Ketil Solvik-Olsen (f. 1972) |
Frp | 16. oktober 2013 | 31. august 2018 | Avskil i nåde |
| Jon Georg Dale (f. 1984) |
Frp | 31. august 2018 | 24. januar 2020 | Frp forlét regjeringa | |
| Knut Arild Hareide (f. 1972) |
KrF | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 | ||
| Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Digitaliseringsminister; Distrikts- og digitaliseringsminister frå 24. januar 2020) |
Nikolai Astrup (f. 1978) |
H | 22. januar 2019 | 24. januar 2020 | Vart kommunalminister |
| Linda Hofstad Helleland (f. 1977) |
H | 24. januar 2020 | 14. oktober 2021 |
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Etter at Sylvi Listhaug gjekk av som som Justis- og beredskapsminister den 20. mars 2018, vart Per Sandberg utnemnd til fungerande Justis- og beredskapsminister fram til 4. april 2018.
- ↑ Tor Mikkel Wara hadde permisjon som Justis- og beredskapsminister frå 15. mars 2019 fram til han gjekk av den 29. mars 2019. Jon Georg Dale var utnemnd til fungerande Justis- og beredskapsminister frå 15. mars til 29. mars 2019.[13]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Frank Ertesvåg, Sigrid Helene Svendsen, Synnøve Åsebø, Ingeborg Huse Amundsen, Nilas Johnsen og Lars Joakim Skarvøy (7. oktober 2013). «Vil ikke hete Solberg-regjeringen». VG. Henta 25. januar 2019.
- ↑ Lars Glomnes, Marie Melgård og Karen Tjernshaugen (30. september 2013). «Høyre og Frp går i forhandlinger». Aftenposten.
- ↑ Utvidelse av regjeringen – ikke ny regjering
- ↑ Ny utvidelse av regjeringen – ikke ny regjering
- ↑ Pressemelding fra Statsministerens kontor 16. oktober 2013; besøkt same dagen.
- ↑ Pressemelding fra Statsministerens kontor 16. oktober 2013; besøkt same dagen.
- ↑ Statsministerens kontor (3. mai 2019). «Endringar i regjeringa» (på norsk bokmål). Henta 4. mai 2019.
- ↑ Endringer i regjeringen, regjeringen.no, 17. januar 2018
- ↑ Offisielt frå statsråd 4. april 2018, regjeringen.no
- ↑ Statsministeren varslar utnemning av ny justisminister, video, regjeringen.no
- ↑ Endringar i regjeringa, regjeringen.no, pressemelding Nr. 35/18
- ↑ Statsministeren varslar utnemning av ny justisminister, regjeringen.no, pressemelding Nr: 34/18, 4. april 2018
- ↑ Midlertidig overføring av ansvaret for justis- og innvandringssaker, (15. mars 2019). regjeringen.no.
- ↑ Ruud, Solveig og Lars Inge Staveland. (29. mars 2019). Jøran Kallmyr blir ny justisminister. Aftenposten. Lese 11.4.2019.
- ↑ Statsministerens kontor: Røe Isaksen tilbake som kunnskapsminister; besøkt 24. november 2017.
- ↑ Statsministeren varslar endringar i regjeringa, regjeringen.no, pressemelding Nr: 77/18, 30. august 2018
- 1 2 Offisielt fra statsråd 13. august 2018, regjeringen.no, 13. august 2018
- ↑ Endringar i regjeringa, regjeringen.no. pressemelding nr. 70/18, 13. august 2018
- Denne artikkelen bygger på «Regjeringa Solberg» frå Wikipedia på bokmål, den 16. oktober 2013.