Hans Christian Andersen (1971)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Christian«HC» Andersen
Verkeleg namn Hans Christian Andersen
Fødd 22. april 1971
Yrke Programleiar

Hans Christian «HC» Andersen (fødd 22. april 1971) er ein norsk programleiar. Han var med i oppstarten av NRK P3 i 1993, og leia blant anna programma VG-lista Topp 20 og Howard og HC. I 2000 og 2001 leia han Melodi Grand Prix. Saman med Tommy Steine var han ein av programleiarane for SenkveldTV 2 frå 2001 til 2003.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

NRK[endre | endre wikiteksten]

Hans Christian Andersen var med som programleiar på NRK P3 frå fyrste sendedag i 1993.[1]

7. september 1995 hadde han si fyrste sending som programleiar for Topp 20NRK 1.[2] Programmet tok for seg dei mest populære songane i Noreg, og vart sendt kvar torsdag. I 1997 leia han musikkprogrammet U:Musikk på NRK 1.[3] Programmet vart etterkvart flytta over til NRK 2. Andersen ga seg som programleiar for U:Musikk i 1998.

I 2000 og 2001 leia han Melodi Grand Prix på NRK 1.[4]

TV 2[endre | endre wikiteksten]

Andersen og Tommy Steine var programleiarar for SenkveldTV 2.[5] Programmet hadde premiere 7. september 2001. Programmet vart sendt i tre sesongar fram til 2003, før Thomas Numme og Harald Rønneberg overtok som programleiarar.

I etterkant har det kome fram at forholdet mellom Andersen og Steine var dårleg. Så dårleg at det splitta programredaksjonen.

TV Norge[endre | endre wikiteksten]

I 2004 var Andersen programleiar for Jeopardy!TVNorge.[6]

POPradio[endre | endre wikiteksten]

31. november 2013 starta Andersen opp den lokale radiokanalen POPradio sammen med sin tidligare kollega i NRK, Håvard Sylte.[7][8] Kanalen blir sendt på det digitale DAB-nettet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hvor ble det av Howard..», NRK P3 (på norsk), 2. oktober 2008, henta 31. mai 2019 
  2. NRK TV – Topp 20 (på norsk), henta 31. mai 2019 
  3. Red, - (2. november 2001), «NRK2s nye liv – og opptakten til "M"», ballade.no (på bokmål), henta 31. mai 2019 
  4. «HC var med på MGP-oppturen», www.ha-halden.no (på norsk), 28. mai 2010, henta 31. mai 2019 
  5. Hindhamar, Sølve (27. august 2010), «- Vi tålte ikke trynet på hverandre», seher.no (på norsk), henta 31. mai 2019 
  6. «Hva er . . . verdens mest sette spørre- program?», adressa.no (på bokmål), 29. mars 2004, henta 31. mai 2019 
  7. «Hans Christian Andersen på lufta - med egne vinger», www.ha-halden.no (på norsk), 2. desember 2013, henta 31. mai 2019 
  8. Valmot, Odd Richard (29. juli 2014), «Radiokjendisen har etablert lokalradio på DAB+», Tu.no (på norsk), henta 31. mai 2019