NRK Østfold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

NRK Østfold er NRK sitt distriktskontor i Østfold. Det har kontor i Gamlebyen i Fredrikstad.

Distriktskontoret produserer dagleg 12 timar distriktsradio (i NRK P1), ca. 30 minutt distriktssendingar i NRK1) og ein nyhende og aktualitetsteneste på internett. NRK Østfold er og leverandør av innslag og program for NRK sine rikssendingar i radio og fjernsyn, blant anna dei vekevisse programma «Museum» for NRK P2 og «Indianer og Cowboy» for NRK P1.

Distriktskontoret har 46 tilsette.