Melodi Grand Prix 2001

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Melodi Grand Prix 2001
Dato
Finale 24. februar 2001
Vertskap
Finale Oslo Spektrum, Oslo
Programleiar Hans Christian Andersen
Kringkastar Norsk rikskringkasting
Deltakarar
Deltakarar 12
Vinnar
Song «On My Own»
Artist Haldor Lægreid
Resultat i Eurovision Song Contest 2001
Finalepoeng 3
Finaleplass 22.
Noreg i Eurovision Song Contest
Melodi Grand Prix 2000 EuroNoruega.svg Melodi Grand Prix 2002

Melodi Grand Prix 2001 var den 40. utgåva av Melodi Grand Prix, Noregs nasjonale uttaking til Eurovision Song Contest. Tolv finalistar deltok i finalen 24. februar 2001 som blei arrangert i Oslo Spektrum i Oslo. Vinnarlåten blei «On My Own», framført av Haldor Lægreid. Songen er komponert og skriven av Ole Henrik Antonsen og Tom-Steinar Hanssen, medan Ole Jørgen Olsen har vore med på å skrive teksten. Lægreid representerte Noreg i den internasjonale finalen i København og kom på delt 22. og siste plass med 3 poeng. Dette var Noregs niande sisteplass i Eurovision, og plasseringa førte til at Noreg måtte stå over den internasjonale finalen året etter.

Sendinga[endre | endre wikiteksten]

For første gong sidan 1994 blei finalen flytta ut av NRK Marienlyst og til Oslo Spektrum, som også hadde husa finalane i 1992 og 1994. Sendinga gjekk av stabelen laurdag 24. februar, og programleiar var igjen Hans Christian Andersen – med Jahn Teigen og Carola som reporterar og pauseunderhaldarar. Det var 3500 publikumarar i salen.[1]

For første gong sidan 1971 var det med tolv bidrag i ein Melodi Grand Prix-finale. NRK hadde også invitert Elisabeth Andreassen i håp om at ho kunne sikre Noreg ein god plassering i den internasjonale finalen.[2] Andreassen deltok derimot ikkje.

Vinnaren blei kåra gjennom telefonrøysting og ein fagjury i Oslo Spektrum. Dei tolv finalistane blei først spelte ein gong, før tv-sjåarane og fagjuryen fekk røyste. Etter ein halvtimes sendepause, begynte andre del med røysteresultata frå første runde. Dei fire best plasserte låtane gjekk vidare til superfinalen, og sjåarane og juryen røysta om att. Haldor Lægreid vann finalen med songen «On My Own».

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
A «Every Night Is Saturday Night» Marianne Ligaard Bottolf Lødemel og Lars Aass 34 8
B «Looking for Love» Rasmus Høgset Jan Johansen Johansen, Thomas Heinonen og Brad Johnson 52 6
C «You've Got the Motion» Mocci Stein Johan Grieg Halvorsen og Erlend Klarholm Nilsen Halvorsen, Nilsen og Mocci Ryen 70 3
D «Still an Angel» Remy Øivind Madsen Madsen og Leif Johansen 55 4
E «Free» Camilla Fagerås Ken Ingwersen og Jon-Willy Rydningen Svein Finneide 32 9
F «Without You» Rune Rudberg Rune Rudberg 53 5
G «Is She the One» Are Sigvardsen Are Sigvardsen 27 10
H «U Ain't Seen the Best of Me Yet» Rebecca Rebecca Wolsdal 20 11
I «Brighter Than Light» Elin Torset Elin Torset 82 2
J «Show Me the Way» Lars-Fredrik Elias Muri og Bottolf Lødemel Lars Aass 7 12
K «Your Heart Belongs to Me» BIAZ Lars Berg 45 7
L «On My Own» Haldor Lægreid Ole Henrik Antonsen og Tom-Steinar Hanssen Antonsen, Hanssen og Ole Jørgen Olsen 90 1

Superfinale[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Artist Komponist Tekstforfattar Poeng Plass
C «You've Got the Motion» Mocci Stein Johan Grieg Halvorsen og Erlend Klarholm Nilsen Halvorsen, Nilsen og Mocci Ryen 70 3
D «Still an Angel» Remy Øivind Madsen Madsen og Leif Johansen 55 4
I «Brighter Than Light» Elin Torset Elin Torset 82 2
L «On My Own» Haldor Lægreid Ole Henrik Antonsen og Tom-Steinar Hanssen Antonsen, Hanssen og Ole Jørgen Olsen 90 1

Røysting[endre | endre wikiteksten]

Første runde blei avgjort av telefonrøyster som blei fordelte på fem regionar. Kvar region gav 1–10, 12 og 14 poeng ut frå kor mange telefonrøyster kvar song hadde fått. I tillegg var det ein fagjury i Oslo Spektrum som gav 2, 4, 6, 8, 10, 12, 14, 16, 18, 20, 24 og 28 poeng. Jostein Pedersen var juryformann. Dei fire songane med høgast poengsum gjekk vidare til superfinalen.

Første runde[endre | endre wikiteksten]

Nr. Tittel Fagjury Tromsø Trondheim Bergen Kristiansand Oslo Totalt
A «Every Night Is Saturday Night» 12 4 3 5 4 6 34
B «Looking for Love» 8 9 9 9 9 8 52
C «You've Got the Motion» 20 10 10 10 10 10 70
D «Still an Angel» 28 5 5 6 6 5 55
E «Free» 10 6 4 4 5 3 32
F «Without You» 16 7 7 7 7 9 53
G «Is She the One» 14 2 2 2 3 4 27
H «U Ain't Seen the Best of Me Yet» 4 3 6 3 2 2 20
I «Brighter Than Light» 18 12 14 14 12 12 82
J «Show Me the Way» 2 1 1 1 1 1 7
K «Your Heart Belongs to Me» 6 8 8 8 8 7 45
L «On My Own» 24 14 12 12 14 14 90

Superfinale[endre | endre wikiteksten]

Same system blei brukt som under første runde, men denne gongen gav kvar region 8, 10, 12 og 14 poeng til dei fire superfinalistane. Fagjuryen gav 16, 20, 24 og 28 poeng.

Nr. Tittel Tromsø Trondheim Bergen Kristiansand Oslo Fagjury Totalt
C «You've Got the Motion» 8 8 8 8 8 24 64
D «Still an Angel» 10 10 10 10 10 16 66
I «Brighter Than Light» 12 14 14 12 12 20 84
L «On My Own» 14 12 12 14 14 28 94

Sisteplass i Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlåten «On My Own» fekk mykje ros i norsk presse, men dei europeiske juryane var ikkje like imponerte. I Eurovision Song Contest 2001 fekk det norske bidraget berre 3 poeng frå Portugal og enda på delt sisteplass saman med Island. Dette var Noregs niande sisteplass i Eurovision Song Contest.

Dei dåverande tevlingsreglane sa at dei seks dårlegast plasserte landa i 2001 måtte stå over tevlinga i 2002, og dette førte til at Noreg ikkje fekk delta året etter. Dette var første og til no einaste gong at Norge ufrivillig måtte stå over ei tevling sidan debuten i 1960. I 1970 deltok heller ikkje Noreg, men då trekte NRK seg frivillig.

Hendingar[endre | endre wikiteksten]

NRK la ut alle dei tolv deltakarlåtane på nettstaden sin før finalen. Finalistane blei også presenterte i Musikkrevyen i NRK P1 i dagane før finalen. Såleis kunne media velje favorittane sine før showet. Dagbladet meinte Elin Torsets «Brighter Than Light» hadde størst sjanse i den internasjonale finalen.[3][4] Vinnaren blei derimot Haldor Lægreid, og dei fleste media var samde om at rett artist vann, og at det var ein verdig vinnar.[5]

Mocci og «You've Got the Motion» stod for ein av dei mest minnerike framføringane i Melodi Grand Prix-historia. Midtvegs i songen blei Mocci løfta høgt over scena og publikum i ein løftekran, før ho blei senka ned på scena igjen. Komponistane, Stein Johan Grieg Halvorsen og Erlend Klarholm Nilsen, dukka også opp på scena. Duoen er mellom anna kjend frå humorprogramma Slå på ring og Påpp & Råkk på NRK.

Etter finalen klaga fleire sjåarar på at dei ikkje hadde fått røysta i telefonrøystinga, og at dei hadde blitt forvirra av startnummera som var oppførte i bokstavane A–L. NRK avviste at det hadde vore problem med røystinga.[6] Dette var første gong det også var mogleg å røyste via SMS.

Den norske finalen blei følgd av 1 309 000 sjåarar, eit av dei lågaste sjåartala sidan dei omfattande tv-meter-målingane starta på byrjinga av 1990-talet.[7]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Høiness, Helle (24. februar 2001). «Fullsatt sal og lanseringskåte artister». Norsk Telegrambyrå.
  2. Grønneberg, Anders (21. januar 2001). «Ryker ut av Grand Prix uten topp-plassering». Besøkt 13. september 2015.
  3. NTB (22. februar 2001). «Stem på din Grand Prix-favoritt». Adresseavisen. s. 44.
  4. Rønneberg, Anders (19. februar 2001). «Elin kan redde Norges GP-ære»Dagbladet.
  5. Rønneberg, Anders (25. februar 2001). «NM i kitsj»Dagbladet.
  6. «Stemmekaos ga feil vinner?»VG Nett. 25. februar 2001.
  7. «Laveste GP-tall siden 1993». Verdens Gang. 27. februar 2001. s. 47.