Hans Horgen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Horgen
Fødd23. januar 1835
Sem kommune
Død17. november 1911
Sem kommune
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, lærar

Hans Kristensen Horgen (23. januar 183517. november 1911) var ein lærar, gardbrukar og stortingsmann frå Sem i Vestfold.

Horgen var son til ein gardbrukar. Han vart seminarist frå Slagen lærarskule i 1856, og var lærar ved same skulen frå 1858 til -65. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret i mange år, ei tid ordførar. Elles var han medlem av forlikskommisjonen og av amtsskulestyret, der han òg var formann, samt mange andre verv.

Horgen representerte Jarlsberg og Larviks amtStortinget 1874-76 og 1883-91. I sin fyrste stortingsperiode var han medlem av protokollkomiteen. Seinare var han medlem av budsjettkomiteen 1883-85 og jarnbanekomiteen 1886-91, samt av valkomiteen 1889-91. Den siste valbolken, 1889-91, var han òg sekretær i Lagtinget.

Horgen døydde på garden sin i Sem i 1911.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]