Hans Jørginus Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Jørginus Hansen
Hans Jørginus Hansen.jpg
Fødd 5. september 1857
Død

1919

Yrke politikar

Hans Jørginus Hansen (fødd 5. august 1857) var ein norsk forretningsmann og stortingsrepresentant frå Trondheim.

Far hans var målarmeister i Trondheim. Etter å ha fullført skulegangen arbeidde Hansen i litt over to år i grosserarfirmaet Johan Berg. Etter nokre månader til sjøs, var han i vel tre år tilsett på kontoret hos firma G. P. Meisterlin. Etter firma Meisterlin gjekk konkurs, arbeidde han 1879-81 som betjent ved Trondhjems Sjøforsikringsselskab. Deretter fekk han stilling som førstebetjent, og seinare prokurist, i firmaet Jenssen & Co.

1892 starta Hansen eiga engrosforretning i sild- og fiskebransjen, seinare også i kolonial, såkorn og frø. Forretninga, som vart landskjend, gjekk seinare tilbake, og han avvikla henne i 1907. Deretter var han disponent og seinare direktør for Trondhjems Preserving Co, ei stilling han hadde til han døydde. Hansen var ein av grunnleggarane av firmaet, og hausta mykje ros for måten han leia bedrifta på.

Hansen var delaktig i grunnlegginga av fleire bedrifter i Trondheim. Mellom desse kan ein nemne A/S Trondhjems Canning & Export Co., A/S Forretningsbanken og A/S Sodium & Norsk Alkalie. Han var også medlem av Trondhjems Sparebank sitt forstandarskap. 1902-08 var han medlem av styret for Spareskillingsbanken, formann i forstandarskapet i same bank i 1912.

Hansen var politisk interessert, og var ein aktiv politikar for Venstre. Han var innvald i bystyre og skulestyre i Trondheim i ei årrekke. Elles var han medlem av Trondhjems Arbeiderforening, der han i 1899 vart vald til ordførar for foreininga.

I 1898 var Hansen på Stortinget som 3. suppleant for Trondhjem og Levanger, og møtte som 1. representant på Stortinget for same krins i perioden 1900-03. I denne perioden var han samstundes direktør ved Noregs Bank sitt dåverande hovudsete i Trondheim. Som stortingsmann var han fast medlem av Stortinget sin næringskomité, og var med i deputasjonen frå Stortinget som tok del i opninga av Ofotbanen i 1903.

Etter at han slutta som stortingsmann vart han i 1903 medlem av ein departemental tollkomité. Han var og medlem av handelstraktatkomitéen av 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914