Hans Olav Tungesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Olav Tungesvik
Fødd22. mai 1936
Skånevik
Død16. juni 2017 (81 år)
Statsborgar avNoreg
PartiKristeleg Folkeparti
Yrkepolitikar, psykiater
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
BarnSteinulf Tungesvik
Alle verv

Hans Olav Tungesvik (22. mai 193616. juni 2017) var ein norsk psykiater og politikar frå Skånevik i Hordaland. Han var stortingsrepresentant for Hordaland for Kristeleg Folkeparti i perioden 1977–1985.[1]

Hans Olav Tungesvik tok legeutdanning som han fullførte i 1964. Deretter spesialiserte han seg i psykiatri. Han hadde stilling som fylkespsykiater i Finnmark, sjeflege ved Modum Bad og var dagleg leiar av Frihamn psykiatriske senter i Skånevik.[1] På 1970-talet hadde han radioprogrammet Eit kvarter med legen.

Politisk engasjerte Tungesvik seg opphavleg i Venstre. Etter det opprivande landsmøtet i 1972 gjekk han over til Kristeleg Folkeparti, som han blei stortingsrepresentant for.[1]

Tungesvik sat òg som leiar i Noregs Mållag frå 1965 til 1970[1] og formann i Folkeaksjonen mot sjølvvald abort frå 1974 til 1975.

Hans Olav Tungesvik var far til senterpartisten Steinulf Tungesvik, som hadde leiarvervet i Mållaget ein periode i 2005, nøyaktig 40 år etter at faren fekk same vervet.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «KrF-nestor mista livet i sykkelulukke». Bergens Tidende. 16. juni 2017.