Steinulf Tungesvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Steinulf Tungesvik
Fødd24. desember 1965 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, advokat
Utdanna vedUniversitetet i Oslo
FarHans Olav Tungesvik
VervStatssekretær i Sosial- og helsedepartementet 29. januar 1999–17. mars 2000
VervStatssekretær i Samferdsledepartementet 21. oktober 2005–29. februar 2008
VervLeiari Noregs Mållag 2005
FøregangarEndre Brunstad
EtterfylgjarNils Ulvund

Steinulf Tungesvik (fødd 24. desember 1965) er ein norsk jurist og politikar. Frå 21. oktober 2005 var han statssekretær for Senterpartiet i Samferdsledepartementet under statsråd Liv Signe Navarsete i den raudgrøne regjeringa til Jens Stoltenberg, regjeringa Stoltenberg II.[1] Han var til då leiar i Noregs Mållag (2005).

Tungesvik voks opp i Skånevik i Hordaland fylke, og er son av KrF-politikaren Hans Olav Tungesvik. Steinulf Tungesvik har juridisk embetseksamen og har arbeidd som forretningsadvokat. Han var politisk rådgjevar og seinare statssekretær for sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa frå Sp i den fyrste Bondevik-regjeringa.[2] Han var sentral i arbeidet med å setje i gang Norsk Ordbok 2014-prosjektet, som forfattar av forprosjektsrapporten Norsk ordbok 2014 - om vegen fram til fullføring av ordboksverket i 2014.

Tungesvik vart sterkt profilert under Slepp nynorsken til-kampanjen arrangert av Noregs Mållag i 2005. Han vart òg profilert som ein sterk forkjempar for eit nynorsk nettleksikon. Saka om nynorsk nettleksikon vart særskilt teke med i Soria Moria-erklæringa; "Regjeringen vil (...) stimulere til økt bruk av nynorsk i media, og bidra til finansiering av et nettbasert nynorsk leksikon."

I 2000 vart Tungesvik tilsett i Kluge advokatfirma i Oslo. I 2004 flytta han til Bergen, samstundes som han heldt fram i same selskap. I april 2005 vart han veld til leiar i Noregs mållag, eit verv han sa frå seg for å byrje i statssekretærstillinga i oktober same år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.