Hans Ommedal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hans Ommedal
Fødd 16. januar 1901
Død

23. oktober 1984

Yrke politikar

Hans Karolus Olsson Ommedal (16. januar 190123. oktober 1984) var ein lærar og klokkar frå Hyen i Nordfjord, stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti.

Ommedal var son til ein gardbrukar. Skulevinteren 1919/20 gjekk han ein kristenorientert folkehøgskule, og tok deretter eksamen ved Volda lærarskule i 1923. Han var så lærar ei kort tid i Gulen, og så i Lygra krins i Lindås. Frå 1927 til 1946 var han lærar i Alversund i Nordhordland. I Alversund var han medlem i formannskapet 1934-40 og ordførar 1945-46. I 1946 flytta han til Gloppen og var lærar i Vereide krins og klokkar i Vereide kyrkje. Han vart så skuleinspektør (skulesjef) i Gloppen i 1953, ei stilling han hadde til 1969. Klokkar var han til 1974.

Ved stortingsvalet 1953 vart Ommedal vald til å representere Sogn og FjordaneStortinget. Han høyrde til den konservative fløya i Kristeleg Folkeparti. Han vart attvald i 1957 og 1961, og sat såleis på Stortinget til 1965, heile tida som medlem i Kyrkje- og undervisningskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi