Hans Skjervheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Skjervheim
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. oktober 1926
Voss herad
Død

22. februar 1999

Yrke professor, filosof

Hans Skjervheim (9. oktober 1926-22. februar 1999) var ein norsk filosof frå Myrkdalen. Han er særleg kjend for tenkinga si om tilhøvet mellom naturvitskap og samfunnsvitskap. Eit hovudtrekk i det filosofiske virket hans kom til å bli kritikken av autoritetar. Med magistergradsarbeidet sitt frå 1957 engasjerte han seg i ein langvarig vitskapsfilosofisk debatt som er blitt kalla positivismestriden.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Skjervheim voks opp som odelsgut på garden Skjervheim i Myrkdalen. Som ung fatta han interesse for naturvitskap gjennom å lesa faren sin landbruksvitskaplege litteratur. Faren, Torstein Skjervheim, var ordførar i Vossestrand og utdanna agronom.

Han gjekk på Voss landsgymnas og tok examen artium i 1947. Under teneste i Tysklandsbrigaden fekk han interesse for å forklara bakgrunnen for nazismen.[1] Her fekk han også for alvor opp augo for den tyske filosofiske tradisjonen, som då først og fremst var representert ved Adorno og Gadamer. Den filosofiske tilnyttinga til tysk åndsliv heldt han på livet ut.

Skjervheim studerte filosofi ved Universitetet i Oslo og Universitetet i Bonn. Han studerte først sosiologi under Sverre Holm og Vilhelm Aubert ved Universitetet i Oslo, men skifta studieretning til filosofi. Våren 1957 tok han magistergrad i filosofi med sosiologi og psykologi som støttefag. Han tok magistergraden med avhandlinga Objectivism and the Study of Man i 1957.

Skjervheim var stipendiat i filosofi ved Universitetet i Oslo 1964–1969, universitetslektor ved Universitetet i Bergen frå 1971, gjesteprofessor ved Universitetet i Tromsø og deretter professor ved Roskilde Universitetscenter 1974–1975. Han var professor ved Universitetet i Bergen 1982–1991.

Han var ein stor essayist. Dei filosofiske essaya hans førte filosofiske problemstillingar ut til eit breitt publikum. Det mest kjende er truleg «Deltakar og tilskodar», som første gong vart publisert i 1957. Det gjorde ideane hans berrsynt for eit større publikum.

Skjervheim var med på å starte Nytt Norsk Tidsskrift i 1982.

Han blei verande professor i Bergen fram til 1991, då hjerneinfarkt gjorde han permanent ufør. Han døydde 1999, 72 år gammal.

Tenking[endre | endre wikiteksten]

Han hadde stor innverknad på norsk samfunnstenking og filosofi. Han var påverka av hermeneutikken og markerte seg som motstandar av Arne Næss sin vitskapsfilosofi.

Hans Skjervheim var som filosof særleg oppteken av forholdet mellom samfunnsvitskapane og naturvitskapane. Ståstaden hans er at metodane frå naturvitskapane i dei fleste høve ikkje kan nyttast i samfunnsvitskapane. Han gjekk ut mot positivismen. I 1070-åra var han sterkt kritisk til marxismen, og seinare også nyliberalismen.

Boka Ideologianalyse, sosiologi, dialektikk frå 1973 er rekna for å vere Skjervheims hovudverk, sjølv om den engelskspråklege avhandlinga hans er mest kjend. Men det beste han laga, kom berre på norsk (nynorsk). Det er ei form for filosofisk essayistikk, som la grunnlaget for ei ny form for sakprosa. Det er uråd å halde denne delen av forfattarskapet hans fast i anten kategorien for populariserande formidling eller kategorien for original fagfilosofi, for essaya representerer begge delar på ein gong. Her kombinerer han vitskapsteori, samfunnsfilosofi og etikk innanfor ein skrivemåte som er tilgjengeleg for andre enn fagfilosofar og sosiologar. Det skjer ei formidling mellom ulike ekspertkulturar og mellom ekspertkulturane og lekfolk.[treng kjelde]

I 1960-åra var Skjervheim verksam som positivismekritikar. I skrifter frå denne perioden tok han for seg visse former for sosiologi. Det han då fokuserte på, var den implisitte filosofien i vitskapen. Poenget var at dei filosofiske ideane i sosiologien i 1950- og 1960-åra hindrar samfunnsvitarane i å få kontakt med den sosiale realiteten. Det han kritiserte var scientismen, den då rådande positivistiske filosofien. Hovudsiktemålet hans var å vise at der er ein prinsipiell skilnad mellom naturfenomen og sosiale fenomen, og at det følgjeleg også må vere ein prinsipiell skilnad mellom samfunnsvitskap og naturvitskap.

I løpet av 1970-åra dreiv Skjervheim mykje med offentleg kritikk av marxismen. Han åtvara mot det han såg som konsekvensar av den lange marsjen til venstreradikalarane gjennom institusjonane, særleg dei universitetspolitiske konsekvensane. Men på slutten av 1980-åra og ved starten av 1990-åra skjedde det ei politisk nyorientering hos Skjervheim – han oppdaga at det var ei heilt anna gruppe enn venstreradikalarane som var verkeleg farleg for samfunnet. Det var nyliberalistane med sine bedriftsøkonomiske organisasjonsmodellar.

Ein grunntanke i Skjervheims filosofi er at praktiske problem, for eksempel moralske og rettslege, utgjer eit eige område som aldri fullt ut kan hentast inn av teoretiske disiplinar, og at det berre er mogeleg å forhalde seg til dei gjennom omgrep som er særeigne og høvelege for dette området. Det store mistaket i samtidskulturen går ifølgje Skjervheim ut på å oversjå skiljet mellom teoretiske og praktiske problem. Dermed trur ein at det er mogeleg å utvikle teoretiske vitskapar som dekkjer det praktiske feltet slik at ein kan avleie ei teknisk eller instrumentell løysing. Den politiske konsekvensen av dette mistaket er maktovergrep. Skjervheim argumenterer for at positivismen, marxismen og nyliberalistisk reformisme er variantar av dette mistaket. Jamvel om den politiske skilnaden er stor, verkar dei – ifølgje han – destruktivt på same vis.

I slike stykke har han, parallelt med Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas og andre, vidareutvikla ei side ved Kants filosofi. Eit hovudsynspunkt er at det ikkje er tillate å handsame personar berre som middel, men at dei er mål i seg sjølve. I grunnleggjande tyding dreiar det seg om symmetri mellom personar og respekt for det faktum at vi forstår verda på ulike måtar.

Eit av arbeidsfelta til Skjervheim gjeld det å trekkje grensene for det Paul Ricoeur kallar «mistankens hermeneutikk», dvs. det å avsløre falskt medvit og skjult ideologi. Skjervheim hevdar at mistankens hermeneutikarar går utanom grunngivingsspørsmålet. Han gir ei mengd døme på dette; somme er innfløkte, andre enkle, men strukturen er den same i alle tilfella.

Prinsippet om sjølvrefererande konsistens er sentralt hos Skjervheim. Føresetnaden for slik konsistens er at vi reflekterer over kva prinsipp vi sjølve er nøydde til å gjere bruk av når vi utarbeider ein teori og set den fram. Det gjeld då å sikre seg mot at utsegner vi kjem med i teorien, inneber noka nekting eller undergraving av desse prinsippa. For gjer dei dét, destruerer teorien seg sjølv.

Skjervheim er på sitt beste som filosofisk essayist. Framstillinga hans verkar enkel og essaya hans kan lesast av lekfolk. Dei er effektive på fleire nivå. Men først etter at ein har studert filosofi i ein del år, anar ein kor treffsikre merknadene hans er.[treng kjelde]

Utmerkingar og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1988 fekk Skjervheim Forbundsrepublikken Tysklands fortenestekross av 1. klasse.

Frå 1996 og seinara åra har det vorte halde sokalla «Skjervheimseminar» på Stalheim hotell på Voss, der ein i hans ånd har teke opp filosofiske og samfunnsrelaterte emne.[2]

Bibliografi (utval) [rediger][endre | endre wikiteksten]

  • Objectivism and the Study of Man (1959)(norsk oms. av Atle Måseide: Objektivismen og studiet av mennesket 1974)
  • Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjonen (1964)
  • Det liberale dilemma (1968)
  • Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi (1973)
  • Deltakar og tilskodar og andre essays (1976)
  • Filosofi og dømmekraft (1992)
  • Teknikk, politikk og utopi (utval og innleiing ved Harald Grimen) (1996)
  • Selected Essays (1996)
  • Mennesket (utg. Jon Hellesnes og Gunnar Skirbekk) (2002)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jon Hellesnes, Om Hans Skjervheim (1999)
  • Jan Inge Sørbø, Hans Skjervheim. Ein intellektuell biografi (2002)

Fullstendig bibliografi: Svein Sundbø: Hans Skjervheim - en kronologisk bibliografi over forfatterskapet 1948-2002, Oslo: Nasjonalbiblioteket, 2002, - 204 sider. ISBN 82-7965-064-4 Denne bibliografien inneheld også eit appendiks: Norsk positivismedebatt 1959-1979 - en selektiv bibliografi

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Objectivism and the study of man, 1959
  • Vitskapen om mennesket og den filosofiske refleksjon, 1964
  • Det liberale dilemma og andre essays, 1968
  • Ideologianalyse, dialektikk, sosiologi, 1973
  • Deltakar og tilskodar og andre essays, 1976
  • Filosofi og dømmekraft (utval redigert av Nils Gilje og Harald Grimen), 1991
  • Teknikk, politikk og utopi (utval politiske tekstar), 1996

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]