Hans Thoma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hans Thoma

Sjølvportrett framom ein bjørkeskog, 1899
Statsborgarskap Det tyske keisardømet, Storhertugdømmet Baden, Weimarrepublikken
Fødd 2. oktober 1839, 1839
Bernau im Schwarzwald
Død

7. november 1924, 1924 (85 år)
Karlsruhe

Yrke kunstmålar, universitetslærar, grafikar, grafikar
Sjanger portrett
Mor Rosa Thoma
Ektefelle Cella Thoma
Hans Thoma på Commons

Hans Thoma (2. oktober 18397. november 1924) var ein tysk målar og grafikar frå Bernau i Baden. Han er særleg kjend for sine landskapsmåleri.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Thoma studerte fyrst under Johann Wilhelm Schirmer på kunstakademiet i Karlsruhe. Sidan heldt han fram studiane i 1867 i Düsseldorf og 1868 i Paris, for så å fare tilbake til Karlsruhe, deretter 1870 til München og så i 1874 til Italia. Til hans beste verk frå denne tida høyrer Syande jente frå 1868, Portrett av mor og eit motiv med Thoma og kona hans, begge dei siste frå 1871, samt Sommar frå 1872.

'Sommar', 1872
'Søndagsfred', 1876
Die Gralsburg, 1899

Frå 1877 budde Thoma i Frankfurt am Main, til dess han i 1899 vart direktør og professor ved kunstskulen i Karlsruhe. Det var fyrst med ei større utstilling i München i 1890 at han opplevde sitt gjennombrot som målar. Frå då av var han ein av dei mest populære målarane i Tyskland; særleg omtykte var landskapa i naturalistiske og praktfulle fargar. Han stod då brått som ein av førarane for den nye naturalistisk-romantiske retninga, saman med Arnold Böcklin og Max Klinger.

Mellom Thomas mest kjende måleri er Dalens vaktmann og Taunus-landskap, det storslåtte landskapsmåleriet Utsyn mot Kronberg ved Taunus frå 1879, Søndagsfred, Gralsburg (1899) og Oberrhein ved Säckingen. Hans idylliske Kinderreigen viser påverknad frå Victor Müller sin biletkunst.

I dei seinare åra sine laga han ei rad interessante originallitografi. Thoma laga også ein del veggbilete i Peterskyrkja i Heidelberg i 1902 og i Bernau-kyrkja i 1912.

Han døydde i Karlsruhe.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Hans Thoma» frå dk, den 22. februar 2014.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hans Thoma