Harald Blåtanns gullskive

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Harald Gormsson (Blåtann),
dansk konge ca 958 - ca 987.
Litografi (ca 1685) frå: Bildarchiv Austria.
The Curmsun Disc - framside

Harald Blåtanns gullskive (Curmsun skiva) er ei konkav gullskive som veg 25.23 gram og har ein diameter på omlag 4,5 cm. Skiva har ein inskripsjon som omtalar den danske kongen Harald Blåtann.

Inskripsjonen[endre | endre wikiteksten]

The Curmsun Disc - bakside

Orda på framsida av skiva er skild med små kors, og teksten kan truleg tydast slik:

Original
+ARALD
CVRMSVN
REXADTAN
ER+SCON+J
VMN+CIV
ALDIN+
tilordna
ARALD
CVRMSVN
REX_AD_TANER
SCON
J_VMN
CIV_ALDIN
tyding
HARALD
GORMSSON
KONGE (REX) OVER DANANE
SKÅNE eller SCANIA
JUMNE (Jomsborg)
CIVITAS ALDINBURG

I «Beretningen om Hamburg stift» av Adam av Bremen, er byen Oldenburg nemnt slik i den latinske teksten: Aldinburg civitas magna Sclavorum est»[1]. CIV ALDIN viser dermed til eit gamalt namn på byen Oldenburg i Holstein (slavisk namn: Starigard). På Harald Blåtann si tid vart byen eit suffraganbispedømme under erkebiskopen i Bremen. Ein kan såleis tenke seg at heile teksten på skiva kan lesast slik: «Harald Gormsson, konge over Danmark og Skåne, frå JUMNE i bispedømet Oldenburg».

Skiva blir gjerne omtala som The Curmsun disc som skriv seg frå ei mistyding av ordet CVRMSVN (Gormsson).

Skattefunn frå vikingtida[endre | endre wikiteksten]

Gullskiva skal ha blitt funne som ein del av eit skattefunn frå vikingtida, oppdaga i 1841 i krypta av ein kyrkjeruin i landsbyen «Wiejkowo» i Pommern i Polen. Staden ligg like aust for elva Dziwna, og i næleiken av der ein trur at vikingborga Jomsborg (Jumne) låg, fram til at ho vart erobra og øydelagd av kong Magnus den gode omkring år 1043.

Skattefunnet omfatta mange myntar frå medelalderen, minst to sverd og fleire gull- og sølvgjenstandar. Deler av funnet vart liggande på staden og vart på det næraste avgløymt, men hundre år seinare (omkring 1945) vart det funne fram att av ein lokal prest. Gjenstandane vart då seld til ulike kjøparar, og gullskiva kom i eige av ein polsk major, Stefan Sielski. I 1986 flytta familien hans til Malmø i Sverige. Lenge var gullskiva ikkje rekna som særs verdfull, og vart liggande i ei øskje saman med gamle knappar og liknande. I samband med ei skuleoppgåve i 2014, tok 11 år gamle Maja Sielski i Malmø, med seg skiva og viste henne til sin historielærar[2]. Det resulterte i at skiva vart granska av forskarar, og den svenske arkeologen Sven Rosborn kunne etter kvart melde at det verkeleg var ei gullskive som skreiv seg frå tida då kong Harald Blåtann levde[3].

Datering[endre | endre wikiteksten]

Gullskiva var undersøkt ved Lunds Universitet[4] som kunne konstatere at overflate og legering samsvarte med andre gjenstandar frå den siste perioden av tidleg medelalder. Metallurgiske analyser[5] viser at skiva har eit høgt gullinnhald, på litt over 91%.

Fleire teoriar om ei meir presis datering, har vore drøfta. Skiva kan ha vore Harald Blåtann sitt segl, tilverka i samband med hans innsetting som konge. Ein har òg vore inne på tanken om at skiva var ei form for bryllupsgåve i samband med det andre giftarmålet til Harald Blåtann, truleg i 960-åra. Arkeolog Sven Rosborn har sett fram ein teori om at skiva vart laga av ein frankisk munk i samband med Harald Blåtann sin død[6], omkring 987.

JUMNE / Jomsborg[endre | endre wikiteksten]

Det er verd å merke seg at inskripsjonen JVMN på gullskiva, samsvarer sterkt med «JUMNE», namnet som vart nytta omkring år 1075 av Adam av Bremen i «Beretningen om Hamburg stift» [7]. Skalden Arnor Jarlaskald nemnde «sunnr at Jómi» i diktet «Hrynhenda»[8] som vart skrive til Magnus den gode omkring år 1045. Først langt seinare vart namnet «Jomsborg» og omtalen av «jomsvikingar» nytta av dei norrøne sogeskrivarane og skaldane, truleg aller først i diktet «Jomsvikingdråpa» som skalden Bjarne Kolbeinsson skreiv tidleg på 1200-talet.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Adami Gesta Hammaburgensis tekst på latin (Schol. 29).
  2. Maja Sieleski Oppdaget en 1000 år gammel skatt (TVP.INFO)
  3. Zyśk, Daniel Polish Press Agency, Science and Scholarship, 2014
  4. Tilverkings-teori Lunds Universitet
  5. The Curmsun Disc website – Metallurgical Analysis
  6. Rosborn, S. (2014) A unique object from Harald Bluetooth´s time? Malmö: Pilemedia, side 10-11
  7. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (Aschehoug 1993) t.d. i 2.bok, kap. 27
  8. Hrynhenda, Magnússdrápa av Arnor Jarlaskald (Skaldic Project)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]