Bjarne Kolbeinsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bjarne Kolbeinsson
Fødd 12. hundreåret
Død

15. september 1223

Yrke skribent
Cubbie Roo's Castle. Borga vart bygt omkring 1150 og ein trur at namnet skriv seg frå far til Bjarne Kolbeinsson, Kolbein Ruga.
St Mary's Chapel pån Wyre. Kapellet er plassert nær ved Cubbie Roo's Castle og var kanskje bygt av Kolbein Ruga, men mest truleg av sonen Bjarne.
«Bishop’s Palace» i Kirkwall vart truleg bygt for biskop William den gamle i 1150-åra. Palasset var truleg residensen til Bjarne Kolbeinsson, etter at han vart biskop i 1188.

Bjarne Kolbeinsson (fødd omkring 1150, død 15. september 1223 i Noreg) var ein norsk-orknøysk skald og geistleg. Han var biskopOrknøyane frå 1188 til han døydde, men i Noreg vart han kanskje mest kjend som skalden som dikta «Jomsvikingdråpa».

Familie[endre | endre wikiteksten]

Far hans var den norsk-orknøyske hovdingen Kolbein Ruga (Kolbein Hrúga), han åtte jordegods i Sunnfjord[1] i Noreg og ein trur at farsætta hans kom frå dette området.[Note 1] Mor hans var Herbjørg, som ætta frå orknøyjarlen Pål Torfinnsson. I Orknøyingasoga er Bjarne Kolbeinsson nemnd som skald og biskop, og det er sagt at han hadde syskena Kolbjørn, Sumarlide, Aslak og Frida.

Orknøyingasoga fortel at far hans budde på øya Vigr (Wyre) på Orknøyane. På øya finst i dag restane av ei borg som blir kalla «Cubbie Roo's Castle»[2] og ein trur at namnet skriv seg frå Kolbein Ruga. I Orknøyingasoga er det òg nemnt om han at han let bygge ei borg av stein, og det er mykje som talar for at barndomsheimen til Bjarne Kolbeinsson var på denne staden. Vi veit elles lite om livet hans før han vart biskop.

Biskop og politikar[endre | endre wikiteksten]

St. Magnuskatedralen i Kirkwall. Biskop Bjarne starta det andre byggetrinnet i 1188.

Bjarne Kolbeinsson vart vald til biskop på Orknøyane i 1188[3]. I Orknøysoga er det nemnt at han tok initiativet til å lyse heilag orknøyjarlen Ragnvald Kale Kolsson. Det var denne Ragnvald jarl som i 1137 hadde byrja å bygge St. Magnuskatedralen i Kirkwall (norrønt, truleg: Kirkjuvagr) men det vart ein stillstand i arbeidet etter at han døydde. Då Bjarne Kolbeinsson vart biskop, heldt han fram med bygginga[4] og i hans tid vart ein stor del av katedralen fullført[Note 2]. St. Magnuskatedralen var setet for bispedømet på Orknøyane (Diocese of Orkney[5]), som òg inkluderte Shetland.

Biskop Bjarne høyrde til ei av stormannsættene på Orknøyane og han var aktiv i politisk arbeid. Han var fleire gonger i Noreg i viktige politiske forhandlingar og om dette er han nemnt både i Sverresoga, i soga om Håkon Håkonsson og i Bǫglunga sǫgur (baglarsogene). Mellom anna følgde han i 1194 orknøyjarlen Harald Maddadsson til Noreg for å oppnå forlik med kong Sverre Sigurdsson. Han deltok i to riksmøte i Bergen, siste gongen i juli 1223. I september det året døydde han, truleg medan han framleis var i Noreg.

Skald[endre | endre wikiteksten]

Han var interessert i historie og var knytt til lærde kretsar på Island. Truleg hadde han ei hand med i skrivinga av Orknøyingasoga (opphavleg namn: Jarlasogur) der han i kap. 84 er omtala som «Bjarne skald». Han er rekna som den største av skaldane på Orknøyane og for ettertida vart han kanskje mest kjend som skalden som dikta «Jomsvikingdråpa»[6] om det store slaget i Hjørungavåg. Snorre har ikkje sitert frå diktet i Heimskringla, men ein trur at seinare sogeforfattarar nytta det som kjelde til forteljingane om «Jomsvikingslaget». Diktet er bevart i eit handskrift av Snorre-Edda, GkS 2367 4to, kalla Codex Regius[7] som no er oppbevart på Island. I det same handskriftet finn ein òg diktet «Málsháttakvædi»[8]. Diktet står der saman med, og har ein viss likskap med «Jomsvikingdråpa», og det er mykje som talar for at det er laga av Bjarne Kolbeinsson, men dette er omdiskutert.

Nafnaþulur er ei namnesamling som ofte er teke med som ein del av Skaldskaparmål. Bjarne Kolbeinsson kan ha vore forfattaren av samlinga, men det er òg rekna som særs uvisst.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

I 1900-talsverket Kirkwall in the Orkneys[9] side 59, er biskop Bjarne karakterisert som «ein veloppdragen, høfleg og kultivert gentleman, elska av jarlen, respektert av kongen og han hadde pavens tillit. Han var velståande, òg, og hadde eigedomar både på Orknøyane og i Noreg. Og han brukte rikdomen sin til å ferdiggjere katedralen.»

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kolbein Ruga er nemnd i kongesogene då han følgde med Øystein Haraldsson då han kom til Noreg og vart vald til konge i 1142.
  2. St. Magnuskatedralen vart endeleg fullført om lag år 1450.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Regesta Norvegica 822-1263 Norsk historisk kjeldeskrift-institutt nr 475 – gåvebrev vedr. Håland i Dalsfjorden i Sunnfjord
  2. Kolbein Hruga - The original Cubbie Roo? orkneyjar.com
  3. Paradox of medieval Scotland Bjarni Kolbeinsson, bishop of Orkney
  4. Magnuskatedralen kunsthistorie.com
  5. THE DIOCESE OF ORKNEY Under norsk styre fram til 1382
  6. Jómsvíkingadrápa av Bjarne Kolbeinsson (Skaldic Project)
  7. Codex Regius handskrift frå 1300-1325
  8. Málsháttakvædi av ukjend forfattar (Skaldic Project)
  9. Kirkwall in the Orkneys av B.H. Hossack (1900)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]