Harald Halvorsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harald Halvorsen

Fødd13. september 1877
Aker kommune
Død9. desember 1943 (66 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Harald Halvorsen (13. september 18779. desember 1943) var ein norsk telefonkontrollør og politikar frå Oslo. Han var stortingsmann for Socialdemokratene og seinare Arbeidarpartiet, vald frå valkrinsen Akershus.

Halvorsen var fyrstikkarbeidar frå han var ni år gammal. I 1894 fekk han arbeid i Elektrisk Bureau. Etter fire år i EB, arbeidde han ved Kristiania Telefonanlegg i tida 1898-1911. Frå 1911 hadde han stilling som telefonkontrollør. I tillegg underviste han i «praktiske telefonfag» ved Rikstelegrafens skole, og var styremedlem i Hypotekbanken.

I 1905 vart Halvorsen vald inn i heradsstyret i Aker, som representant for ei fråhaldsliste. Seinare representerte han Arbeidarpartiet og Socialdemokratane i heradsstyret. Med unntak for ein valperiode sat han i heradsstyret fram til 1934, i mange år også med plass i formannskapet. Han var medlem av skulestyret i to bolkar, ein føre 1910, og den andre etter 1920.

Ved stortingsvalet 1921 vart Halvorsen vald til sjette representant frå valkrinsen Akershus og det nyskipa Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti, ei partigruppe som hadde brote ut av Det norske Arbeidarpartiet. Etter attval i 1924 heldt han fram som NSA-representant, til dess NSA og DnA slo seg saman framom stortingsvalet 1927. Deretter representerte han Arbeidarpartiet på Stortinget i fire periodar, heilt fram til Hitler-Tyskland okkuperte Noreg i april 1940. På Stortinget var han i alle år medlem i Post- og telegrafkomiteen/Post-, telegraf- og kystfartskomiteen, som sekretær 1922-27 og sidan formann.

Halvorsen var medlem i Arbeidarpartiet sitt sentralstyre frå 1927 til 1930.

Harald Halvorsens vei på Teisen i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]