Harry Klippenvåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Harry Klippenvåg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1913
Død

11. november 1994 (81 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet

Harry Johan Olai Klippenvåg (12. mai 191311. november 1994) var ein norsk handelsmann og politikar fødd i Lurøy, som representerte Finnmark fylke og ArbeidarpartietStortinget frå 1950 til 1969.

Klippenvåg var son til ein bygningsmann. Femten år gammal tok han til å arbeide på sagbruk. Året etter byrja han arbeide som bod i Kirkenes samvirkelag, deretter var han handelsbetjent i samvirkelaget til 1940. Perioden 1941-47 var han styrar av Jakobsnes samvirkelag, og sidan eitt år forretningsførar i Sør-Varanger kommunale kraftforsyning.

Frå 1947 til -55 var Klippenvåg ordførar i Sør-Varanger. Etter stortingsvalet 1949 representerte han Finnmark og Arbeidarpartiet på Tinget. Den fyrste fireårsperioden var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen, som sekretær i sesjonane 1952 og -53. Frå 1954 var han medlem i Kommunalkomiteen til hausten 1965. Han vart så sekretær i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen, ein komite som frå hausten 1967 bar namnet Industrikomiteen.

Etter Klippenvåg gav seg på Stortinget hausten 1969, var han sekretær og konsulent i Riksrevisjonen til 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]