Riksrevisjonen
Riksrevisjonen | |||
Org.form | Etat | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 974760843 | ||
Skipa | 1918 | ||
Morselskap | Stortinget | ||
Hovudkontor | Oslo | ||
Land | Noreg | ||
Tenester | Revisjon | ||
Styreleiar | Karl Eirik Schjøtt-Pedersen | ||
Tilsette | 450 | ||
Nettstad | http://www.riksrevisjonen.no |
Riksrevisjonen er Stortinget sitt revisjons- og kontrollorgan. Riksrevisjonen har som si overordna oppgåve å føre kontroll med at staten sine midlar blir brukt og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortinget sine vedtak og føresetnader. Riksrevisjonen er uavhengig av regjeringa og forvaltinga og har omtrent 450 tilsette.[1] Dei tilsette er for ein stor del samfunnsvitarar, økonomar og juristar. Noverande riksrevisor er tidlegare arbeidarparti-politikar Karl Eirik Schjøtt-Pedersen.[2]
Riksrevisjonen gjennomfører:
- Rekneskapskontroll, kontrollerer korleis forvaltninga har brukt staten sine pengar.
- Selskapskontroll, kontroll av forvaltinga av statens interesser i statsaksjeselskap og statsforetak.
- Styringskontroll, kontroll av effektiviteten til forvaltninga.
- Ansvarskontroll, kontroll av feil og manglar ved leiinga, kontroll av statsråden si eigarstyring i dei statleg eigde selskapa, der målet i forvaltinga er fokuset på tenesteproduksjon. Statsråden kan stillast politisk ansvarleg for feil og manglar i hans ansvarsområde.[3]
- Rådgjeving, rettleie forvaltinga med rekneskap og økonomi.
Soge
[endre | endre wikiteksten]Riksrevisjonen blei samla under ein organisatorisk eining under Stortinget si leiing i 1918. Frå 1822 til 1918 hadde eit eige Revisjonsdepartement ansvaret for den konsitusjonelle kontrollen.
Riksrevisjonen er forankra i Grunnloven § 75 k.,[4] der det står at Stortinget utnemner fem revisorar, Riksrevisorkollegiet, som kvart år skal gå gjennom staten sine rekneskap. Her er vidare ei lov om statens revisionsvæsen, og ein instruks for «Statsrevisionen» frå 1918, med seinare tileggsinstruksar.
Før spelte rekneskapsrevisjonen ei stor rolle, men i nyare tid har forvaltingsrevisjonen òg kome i fokus, som kontrollerer at forvaltninga si effektivitet, resultat, og er i tråd med staten sine interesser.
Riksrevisoren er leiaren for Riksrevisorkollegiet, som er Riksrevisjonen sitt øvste organ. Medlemmane i kollegiet blir samla til jamlege møte, og dei siste åra har det vore ca. 10 møte i året. Avgjerdene blir i all hovudsak fatta gjennom konsensus. Riksrevisjonen er partipolitisk samansett og opptrer som ein politisk kvalitetssikrar i forvaltingsrevisjonssaker. Norma om konsensus bidrar til partipolitisk nøytralitet.
Tidlegare riksrevisorar
[endre | endre wikiteksten]- 1816–1821 : Marcus S. Lyng
- 1821–1827 : Frederik Motzfeldt
- 1827–1834 : Lauritz Nicolai Kraft
- 1827–1845 : Peter L. Stabel
- 1834–1846 : Søren Anton Wilhelm Sørenssen
- 1848–1854 : Johan D. Rye
- 1854–1881 : Peter Daniel B. W. Kildal
- 1882–1883 : Peder Krabbe Gaarder
- 1883–1898 : Hagbard Berner
- 1898–1923 : Svend Borchmann Hersleb Vogt
- 1923–1925 : Tore Embretsen Aaen
- 1926–1949 : Hans T. H. Lütken
- 1949–1950 : Saamund Olsen Bergland
- 1950–1978 : Lars Breie
- 1978–1980 : Tor Oftedal
- 1981–1990 : Petter Furberg
- 1990–2005 : Bjarne Mørk Eidem
- 2005–2013 : Jørgen Kosmo
- 2014–2022 : Per-Kristian Foss
- 2022– : Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Organisasjonen | Riksrevisjonen», www.riksrevisjonen.no (på norsk), henta 15. september 2022
- ↑ «Sak», Stortinget (på norsk), 13. februar 2008, henta 15. september 2022
- ↑ Johnsen, Åge (24. august 2021). «forvaltningsrevisjon». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ «Kongeriket Norges Grunnlov - C. Om borgerrett og den lovgivende makt - Lovdata», lovdata.no, henta 15. september 2022
- Denne artikkelen bygger på «Riksrevisjonen» frå Wikipedia på bokmål, den 12. desember 2009.