Haugsfjorden i Nordland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Haugsfjorden er ein liten fjord i Alstahaug kommune i Nordland. Fjorden ligg nord for øya Tjøtta og like sør for sjølve Alstahaug. Han har ei lengd på 2,5 km frå sør til nord.

I aust grenser fjorden til Hamnesleira, som går inn til grenda Hamnes, og Offersøya. I nord endar fjorden ved Haugsneset like sør for Alstahaug. Nordvest for dette neset byrjar Alstahaugfjorden. I vest ligg øyane Valøya, Bukkøya, Buøya og Nordre Rosøya. På vestsida av Tjøtta går det eit sund sørover til Tjøttfjorden.