Hopp til innhald

Tjøtta

Tjøtta
Den gamle handelsstaden på Tjøtta
Den gamle handelsstaden på Tjøtta
Geografi
StadHelgeland
Koordinatar65°50′05″N 12°26′41″E / 65.83472°N 12.44472°E / 65.83472; 12.44472
Areal11,3 km²
Høgaste punktKvalberghaugen (77 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeNordland
Demografi
Folketal300
Folketettleik26,5 /km²

Tjøtta (av norrønt Þjótta, «den tjukkaste delen av låret» jamfør utsjånad på øya) er ei øy og ein tettstad i Alstahaug kommune i Nordland. Øya er 11,3 km², med knapt 300 innbyggjarar.

Tjøtta er òg eit sokn i Nord-Helgeland prosti. Til soknet høyrer øya Tjøtta og fleire andre øyar sør i Alstahaug.

Tjøtta. Fotografi frå kring 1890.
(Foto: Axel Lindahl/Norsk folkemuseum)

Tjøtta var eit eige herad fram til 1963. Tjøtta herad omfatta då òg eit areal på fastlandet, dette vart på 1990-talet overførd til Vefsn kommune.

I jernalderen var Tjøtta eit maktsentrum i Hålogaland. Her budde skalden Øyvind Skaldespille og sonen hans, Hårek på Tjøtta. Seinare var Tjøttagarden sentrum i eit stort gods som åtte mange gardar både på ytre og indre Helgeland.

Tjøtta er ei flat øy med svært godt jordbruksland. Næringslivet er enno dominert av jordbruk og fiske. I bygningane til den gamle Tjøttagarden held Planteforsk Tjøtta til.

På Nordøya ligg Tjøtta internasjonale krigskyrkjegard med over 7500 enkeltgraver for russiske krigsfangar. Her er òg 2500 omkomne frå fangetransportskipet Riegel, som vart senka mot slutten av andre verdskrigen, gravlagde.

Tjøtta kyrkje er ei steinkyrkje som vart bygd i 1851, etter at den førre trekyrkja brann ned. Postnummeret hit er 8860 TJØTTA.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]
  • Helgeland historie, utg. av Helgeland Historielag