Haustberberis
Haustberberis | |
![]() Haustberberis | |
Status | |
Status i Noreg: Framandart med svært høg risiko | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Berberisfamilien Berberidaceae |
Underfamilie: | Berberidoideae |
Stamme: | Berberideae |
Slekt: | Berberis |
Art: | Haustberberis B. thunbergii |
Vitskapleg namn | |
Berberis thunbergii |

Haustberberis (Berberis thunbergii) er ei plante i berberisslekta som inngår i berberisfamilien. Blada er raud-grøne, eventuelt skiftevis raude med grønfarge nedst mot bladfestet ved kvisten. Det latinske namnet er laga etter den svenske botanikaren Carl Peter Thunberg som var lærling av Carl von Linné.
Ho er 70-100 cm høg, og er ei vanleg hekkeplante i norske hagar. Varianten blodberberis (Berberis thunbergii 'Atropurpurea' ) er den mørkeraude varianten av haustberberis.
Haustberberis har avlangt runde eller omvendt eggeforma blad som smalnar ned i kileform mot den korte bladstengelen. Planta har skarpe, 4-8 mm cm lange piggar som stikk ut i hjørnet ved bladfestet.
Blomstrane er gule eller gul-raude med blomstring ca. 25. mai i Oslo-området (fire veker etter lauvsprett), medan bæra er heilt raude og 5-8 mm lange. Planta er nøysam og hardfør, ho er opphavleg ei fjellplante frå Japan og toler godt skjerast or.
Haustberberis vart innført frå Japan til Russland av botanikaren Carl Johan Maksimovitsj frå 1864 og vart straks populær i hagar og parkar i Europa.
Kultivarar[endre | endre wikiteksten]
Nokre kultivarar:
- Berberis thunbergii B. th. 'Atropurpurea' (blodberberis), sidan 1913 i kultur
- Berberis thunbergii 'Atropurpurea Nana', dvergbusk ca. 50 cm høg, utvikla i 1942 i Nederland
- Berberis thunbergii 'Aurea', sidan 1950 i kultur
- Berberis thunbergii 'Bagatelle' (kryssing mellom B. th. 'Kobold' og B. th. 'Atropurpurea Nana'), sidan 1971 i kultur
- Berberis thunbergii 'Carpetbagger' dvergbusk ca. 30 cm høg
- Berberis thunbergii 'Crimson Pygmy' synonym til B. th. 'Atropurpurea Nana'
- Berberis thunbergii 'Dart's Red Lady'
- Berberis thunbergii 'Erecta'
- Berberis thunbergii 'Little Favorite' synonym til B. th. 'Atropurpurea Nana'
- Berberis thunbergii 'Golden Ring', sidan 1950 i kultur
- Berberis thunbergii 'Green Carpet' dvergbusk ca. 25 cm høg
- Berberis thunbergii 'Green Ornament' blir ca. 150 cm høg med mørkegrøne blad som blir gule eller brungule om hausten
- Berberis thunbergii 'Harlequin', sidan 1969 i kultur
- Berberis thunbergii 'Helmond Pillar'
- Berberis thunbergii 'Keller's Surprise'
- Berberis thunbergii 'Kelleriis', utvikla i Danmark
- Berberis thunbergii 'Kobold' , sidan 1950 dyrka i Nederland
- Berberis thunbergii 'Pink Queen', dyrka før 1958 i Nederland
- Berberis thunbergii 'Red Chief', utvikla i 1942 i Nederland
- Berberis thunbergii 'Red Pillar'
- Berberis thunbergii 'Rose Glow', utvikla i 1957 i Nederland
- Berberis thunbergii 'Silver Beauty'
Variantar[endre | endre wikiteksten]
- Berberis thunbergii var. maximowiczii
Hybridar[endre | endre wikiteksten]
- Hybriden mellom Berberis thunbergii og Berberis vulgaris blir kalla Berberis ×ottawensis
- Hybriden mellom Berberis thunbergii og Berberis julianae blir kalla Berberis ×mentorensis.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Høstberberis» frå Wikipedia på bokmål, den 16. september 2011.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

- UMB Ås om haustberberis og blodberberis
- haustberberis på Garden Splendor Arkivert 2011-09-10 ved Wayback Machine.
- (no) haustberberis hos Artsdatabanken
- (en) haustberberis i Encyclopedia of Life
- (en) haustberberis i Global Biodiversity Information Facility
- (sv) haustberberis hos Dyntaxa
- (en) haustberberis hos ITIS
- (en) haustberberis hos NCBI
- (en) haustberberis hos The International Plant Names Index
- (en) haustberberis hos Tropicos
- (en) Kategori:Berberis thunbergii – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Berberis thunbergii – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Berberis thunbergii – detaljert informasjon på Wikispecies