Havila Kystruten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Havila Kystruten AS
SelskapsformAksjeføretak
Org.nr.918458999
Skipa2017
BransjeReiarlag
ProduktInnanriks sjøfart med gods
HovudkontorNoreg Fosnavåg, Noreg
StyreleiarPer Rolf Sævik
Adm.dir.Arild Ove Myrvoll
Nettstadhttp://www.havilakystruten.no

Havila Kystruten AS er eit norsk reiarlag stifta i 2017[1] som frå 1. januar 2021 skal drifta 4 av 11 skip i Hurtigruta, kystruta Bergen - Kirkenes.[2]

Reiarlaget er eigd av Havila Holding AS i Fosnavåg. Administrerande direktør er Arild Ove Myrvoll.[3]

Skip[endre | endre wikiteksten]

Reiarlaget har fire skip under bygging, alle med lengd på 122,7 meter og breidd på 22 meter. Lastekapasitet vert ni bilar og 190 pallar, der 40 av pallane kan fraktast med kjøling eller frysing. Skipa får eit mannskap på 76, ein lugarkapasitet til 468 passasjerar, og i tillegg plass til 172 dagreisande.[4]

Lugarane vert på mellom 16 og 210 kvadratmeter. Skipa vil mellom anna ha fasilitetar som badstove, boblebad, treningsfasilitetar og fleksible serviceområde med matservering.[5]

Fartøya kjem til å ha ein «servicefart» på 14-15 knop og maksfart på 18,2 knop.[5]

Dei fire skipa vil få namna «Havila Capella», «Havila Castor», «Havila Polaris» og «Havila Pollux», og vert bygde ved to verft, høvesvis i Tyrkia og Spania.[6]

Tekniske løysningar[endre | endre wikiteksten]

Skipa er designa av Havyard og har nemninga Havyard 923. Hovudmotorane skal gå på flytande naturgass og vert levert av Rolls-Royce.

Dei to Havyard-selskapa Norwegian Electric Systems og Norwegian Control Systems skal levere såkalla hybridpakkar, som inkluderer det som vert verdas største batteripakkar på passasjerskip. Med desse kan skipa segle fire timar kun på batteri.[5] Reiarlaget får støtte av mellom anna Enova til sine energitiltak.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Havila Kystruten AS - Fosnavåg - Se Regnskap, Roller og mer», www.proff.no, henta 24. februar 2019 
  2. Stensvold, Tore (23. mars 2018), «Hurtigruten og Havila deler kystruten Bergen-Kirkenes», Tu.no (på norsk), henta 23. februar 2019 
  3. «Havila Kystruten AS - Fosnavåg - Roller og kunngjøringer», www.proff.no, henta 23. februar 2019 
  4. Stige, Per Ove (18. mars 2019), «– Kystruten får plass til bilar», smp.no, henta 18. mars 2019 
  5. 5,0 5,1 5,2 Spiro, Josefine (31. mars 2019), «Dette er Havila Kystruten!», vestlandsnytt.no, henta 31. mars 2019 
  6. Vågnes, Stig (27. november 2018), «Havila Kystrutens fire nye skip har fått navn», smp.no, henta 23. februar 2019 
  7. Stensvold, Tore (21. desember 2018), «Slik vil Havila Kystruten unngå forsinkelser fra verftene», Tu.no (på norsk), henta 24. februar 2019