Hedevard Kristofferssen Norderhaug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hedevard Kristofferssen Norderhaug
Fødd 18. desember 1828
Død

15. juni 1891

Yrke politikar

Hedevard Kristofferssen Norderhaug (18. desember 182815. juni 1891) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Løten i Hedmark.

Norderhaug var gardbrukar på farsgarden frå 1853. Han var medlem av heradsstyret 1861-77, ordførar 1861-65 og 1869-73. Elles var han forlikskommissær frå 1863 til -73 og på ny frå 1879 til -86. Frå 1861 var han ordførar i allmenningsstyret og makta då å få styret med på å frede skogen, samt vedteke bruksreglar for same.

Norderhaug var vart vald til 1. varamann for Hedemarkens amt til Stortinget 1868-69, men sidan representanten Ole Olsen Nyhus var sjukmeld, møtte Norderhaug heile tingbolken. Han var sidan 3. representant frå same amtet til Stortinget både 1871-73 og 1874-76. Heile si tid på Stortinget var han medlem av næringskomite nr 2. Han var medlem av kongelege kommisjonar om brennevinsskatt 1870, og om skoglova 1874.

Han døydde på garden sin i Løten i 1891.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914