Hedwiges Maduro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hedwiges Maduro
Hedwiges Maduro bw with red tie.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Hedwiges Eduard Martinus Maduro
Fødd 13. februar 1985
Fødestad Almere
Høgd 185 cm
Posisjon Midtstoppar, midtbane
Klubbinformasjon
Noverande lag
Valencia
Nummer 3
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2003-08
2008-
Nederland Ajax
Spania Valencia
70 (9)
42 (2)
Landslag
2005- Nederland Nederland 14 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 22. september 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 22. september 2010

Hedwiges Eduard Martinus Maduro (fødd 13. februar 1985 i Almere i Flevoland) er ein nederlandsk fotballspelar som har spela for Valencia i spansk Primera Division, og for det nederlandske landslaget. Mora hans er frå Curaçao og faren frå Aruba.

Maduro debuterte i den nederlandske seien for Ajax i 2004/05-sesongen. I 2008 gjekk han til Valencia i Spania.

Maduro var med på laget som vann U21-EM i 2007. Han debuterte for Nederland sitt A-landslag 26. mars 2005 i ein VM-kvalifiseringskamp mot Romania. Han vart teken ut i Nederland sin tropp til fotball-VM i 2006, der han fekk spela i éin kamp, som innbytar i gruppekampen mot Argentina. Etter VM i 2006 spelte han ikkje for A-landslaget igjen før august 2010, men han fekk spela frå start i Nederland sin første EM-kvalifiseringskamp til fotball-EM i 2012.