Arjen Robben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Arjen Robben
Arjen Robben.jpg
Fullt namn Arjen Robben
Fødd 23. januar 1984 (33 år)
Bedum i Nederland
Høgd 183 cm
Posisjon Ving
Klubbinformasjon
Spelar for Bayern München
Draktnummer 10
Ungdomsklubb
Nederland vv Bedum
Nederland Groningen
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2000-02
2002-04
2004-07
2007-09
2009-
Nederland Groningen
Nederland PSV
Flag of England.svg Chelsea
Spania Real Madrid
Tyskland Bayern München
46 (11)
56 (17)
72 (15)
50 (12)
61 (39)
Landslag**
2003- Nederland Nederland 48 (14)

Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
sist oppdatert 8. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 5. juni 2010.

Arjen Robben (fødd 23. januar 1984 i Bedum i provinsen Groningen) er ein nederlandsk fotballspelar som spelar for Bayern München i tysk Bundesliga, og for det nederlandske landslaget. Han har vorte seriemeister i fire ulike land: I Nederland med PSV i 2003, i England med Chelsea i 2005 og 2006, i Spania med Real Madrid i 2008 og i Tyskland med Bayern München i 2010. Han vart kåra til årets unge spelar i Nederland i 2003 og årets spelar i Tyskland i 2010. I 2009/10-sesongen var han Bayern München sin toppskårar i Bundesliga, med 16 seriemål. Under fotball-EM i 2004 debuterte han for A-landslaget som innbytar i ein kamp mot Tsjekkia.