Giovanni van Bronckhorst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Giovanni van Bronckhorst
Giovanni van Bronckhorst.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Giovanni Christiaan van Bronckhorst
Kallenamn Gio
Fødd 5. februar 1975
Fødestad Rotterdam
Høgd 179 cm
Posisjon Venstreback, midtstoppar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Feyenoord
Nummer 8
Ungdomsklubbar
Nederland Feyenoord
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993-94
1994-98
1998-2001
2001-03
2003-07
2007-
Nederland Waalwijk
Nederland Feyenoord
Skottland Rangers
Flag of England.svg Arsenal
Spania Barcelona
Nederland Feyenoord
12 (2)
103 (22)
81 (13)
52 (2)
119 (7)
76 (8)
Landslag
1996- Nederland Nederland 104 (5)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 02.07 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 02.07 2010

Giovanni Christiaan van Bronckhorst (fødd 5. februar 1975 i Rotterdam) er ein nederlandsk fotballspelar. Han spelar for Feyenoord i nederlandsk Eredivisie, og for det nederlandske landslaget.

Klubbkarriere[endre | endre wikiteksten]

Van Bronckhorst begynte klubbarrieren sin hjå Feyenoord i heimbyen Rotterdam, men vart først utlånt til klubben RKC Waalwijk. Etter å ha spelt nokre sesongar i Feyenoord att, reiste han til utlandet i 1998, først til Skottland og Rangers i Glasgow. Der gjorde han suksess og var med å vinna både serien og cupen i både 1999 og 2000. Etter tre sesongar i Rangers vart han kjøpt av den engelske storklubben Arsenal. Arsenal vann den engelske Premier League i 2001/02-sesongen, men van Bronckhorst gjorde aldri noko stort gjennombrot der, og i 2003 vart han kjøpt av Barcelona, som då vart trent av landsmannen Frank Rijkaard. Hjå Barcelona vart han fast forsvarsspelar på laget til Rijkaard, og vann to gonger den spanske ligaen og éin gong den europeiske meisterligaen.

Etter fire sesongar i Barcelona vende han heim att til ungdomsklubben Feyenoord i juni 2007, og skreiv under på ein treårskontrakt med dei. I 2007/08-sesongen var han med å vinna den nederlandske cupen med dei.

Landslagskarriere[endre | endre wikiteksten]

Van Bronckhorst spelte første gong for A-landslaget i august 1996. Han har vore med i Nederland sin tropp til to fotball-VM og tre fotball-EM, alle Nederland har kvalifisert seg til sidan 1998. I VM i 1998 spelte han ingen kampar, og i EM i 2000 var han hovudsakleg reserve for venstrebacken Arthur Numan. I 2004 var han fast venstreback på det nederlandske laget som kom til semifinalen i EM i Portugal. Før VM i 2006 var han òg fast på Nederland sitt lag, men under VM vart han utvist i åttandedelsfinalen mot Portugal, som ein av fire spelarar som fekk raudt kort i den kampen. Han tok òg del i fotball-EM i 2008 og i kvalifiseringskampane for fotball-VM i 2010.

Anna[endre | endre wikiteksten]

Van Bronckhorst er gift med Marieke, og har to søner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]