Hege

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hege Øygaren.

Hege er eit dansk og norsk kvinnenamn avleidd som ei kjæleform av Helga. Dette kjem av det norrøne mannsnamnet Helgi, moderne norsk Helge, med opphav i ordet heilagr, som tyder 'heilag', eller 'heldig, sunn' i før-kristen tid. Namnet kan også ha opphav i det gammalhøgtyske ordet heil med same tyding. Namnet Helga har same opphav.

Hege har namnedag den 30. september i Noreg.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det er 13 064 kvinner som heiter Hege i Noreg (SSB, 2008). Namnet var særleg populært rundt 1970, då over 2,0 % av nyfødde jenter fekk namnet.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Personane i lista er ordna kronologisk etter fødselsår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]