Heggelia i Målselv
Heggelia | |||
stad | |||
Foto: Aslak Raanes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Troms og Finnmark | ||
Kommune | Målselv | ||
Del av | Bardufoss | ||
Areal | 1,55 km² | ||
Folketal | 970 (2017) | ||
Folketettleik | 626 / km² | ||
Preposisjon | i Heggelia | ||
![]() Heggelia i Målselv |
- For andre stader som heiter Heggelia, sjå Heggelia
Heggelia er ein tettstad i Bardufossområdet på grensa mellom Målselv og Bardu i Troms og Finnmark. Med 970 innbyggjarar per 1. januar 2017 er Heggelia den største tettstaden i Målselv kommune. Hovudkvarteret til Brigade Nord ligg her, saman med militærleirane Heggelia leir og Rusta leir, der Sambandsbataljonen og Stridstrenbataljonen held til.
Bardufoss VGS ligg her. Det gjer òg Bardufoss skistadion, som i 2004 var ein av stadane der NM på ski føregjekk. På Heggelia ligg også det nye fleirbruksbygget i kommunen, Istindportalen, som mellom anna inneheld bibliotek, kino og idrettshall.
I Heggelia finn ein òg Svingen Pub kor mange hundre soldatar frå området ofte samlar seg.
