Bardu kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 68°51′37″N 18°21′03″E

Bardu kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Troms
Adm.senter Setermoen
Areal 2 704 km²
 - land 2 530 km²
 - vatn 174 km²
Folketal 3 986  (1. januar 2024)
Målform nøytral
Ordførar Toralf Heimdal (Sp)
Kommunenr. 5520
Kart
Bardu kommune
68°51′38″ N 18°21′2″ E
Wikimedia Commons: Bardu
Nettstad: www.bardu.kommune.no

Bardu kommune (nordsamisk Bearddu suohkan, kvensk Perttulan komuuni) er ein innlands- og fjellkommune i Troms fylke. Kommunen grensar til kommunane Sørreisa og Målselv i nord, til Salangen og Lavangen i vest og til Narvik kommune i sør. I sør og aust ligg Kiruna kommune i Sverige. Namnet Bardu skal komme frå det norske mannsnamnet Bardo som igjen kjem frå det gammalnorske namnet Bergþórr. At eit vanleg personnamn har fått ein slik omfattande bruk blir forklart med at namnet Bardu står som ei forkorting for Bardudalen og at ein av dei første nybyggarane i denne dalen må ha hatt dette namnet.[1]

Bardu kommune ligg i fleire samanhengjande dalføre mellom fjella i Indre Troms og har nærare 4000 innbyggjarar. Den administrative og politiske leiinga er i kommunesenteret Setermoen.

Forsvaret har sidan 1898 hatt ei omfattande verksemd i kommunen og er den største arbeidsgjevaren. Bardu er også vasskraftkommune med fleire store kraftverk langs Barduelva.

Kommunevåpenet[endre | endre wikiteksten]

Kommunevåpenet viser ein svart jerv på gul botn. Jerven er eit symbol på dei store skogane og det rike dyrelivet i kommunen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bardudalen med Barduelva i retning Setermoen

Etter at flaumen Storofsen råka mellom anna det indre Austlandet hardt sommaren 1789 sette fogden i Senjens og Tromsø fogderi, Jens Holmboe, i gang eit stort arbeid for å få gje folk som hadde kome ille ut, ein ny start som busetjarar i Bardu. Det vart starten på ei stor tilflytting av folk frå Østerdalen og Gudbrandsdalen på 1700- og 1800-talet til Indre Troms.

Bardu kommune vart oppretta som eigen kommune i 1854, då han vart skild ut frå Ibestad kommune.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for Bardu kommune frå 1855:

1855[3] 1900[3] 1.12.1920[4] 1.12.1930[5] 3.12.1946[5] 1.1.1951[6] 1.1.1961[6] 1.1.1971[6] 1.1.1981[6] 1.1.1991[6] 1.1.2001[6] 1.1.2010[6]
757 1646 1758 1828 2355 2509 3652 3923 4058 3828 3845 3949

Tettstad i kommunen[endre | endre wikiteksten]

  • Setermoen - 2 505 innbyggjarar per 1. januar 2023

Kyrkjer, kapell og kyrkjegardar[endre | endre wikiteksten]

Bardu kyrkje som stod ferdig i 1829, er den einaste kyrkja i kommunen. Eit kyrkjelydshus vart ført opp i tilknyting til kyrkja i 1993.

I tillegg er det tre kapell i kommunen, eitt i kvart dalføre; Nedre Bardu kapell, Øvre Bardu kapell og Salangsdalen kapell.

Det er åtte større og mindre kyrkjegardar og gravlundar i kommunen.

Politikk[endre | endre wikiteksten]

Kommunestyrevalet 2019[endre | endre wikiteksten]

Parti Prosent Stemmer Plassar i by-/kommunestyret Medlemmer i
formannskapet
% ± totalt ± totalt ±
Senterpartiet 62,9 +29,4 1 352 +744 12 +6 5
Arbeidarpartiet 19,7 −17,8 424 −258 4 −3 1
Høgre 10,7 −9,3 231 −133 2 −2 1
Venstre 3,5 −0,8 76 −3 1
Framstegsspartiet 3,1 −1,6 67 −18 −1
Valdeltaking/Total 69,8% 2 173 19 7
Ordførar: Toralf Heimdal (Sp) Varaordførar: Rikke Håkstad (Sp)

Folk frå Bardu[endre | endre wikiteksten]

  • Lil Halima, musikar, låtskrivar, eigentlege namn Lillian Halima Anderssen[7]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 22. juli 2020 
  2. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. 3,0 3,1 "Hjemmehørende folkemengde Troms 1801-1960 Arkivert 2011-05-25 ved Wayback Machine. frå Registreringssentral for historiske data, vitja 12. september 2010
  4. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  5. 5,0 5,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 6,5 6,6 Folkemengd i Bardu 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
  7. På ett år gikk Lil Halima fra å gjøre lekser og ta helgevakter på Coop til å spille på Roskilde og få skryt av Kanye West. Dagens Næringsliv. Vitja 8. august 2020

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.