Heilage Cecilia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heilage Cecilia
Vouet, Simon - Saint Cecilia - c. 1626.jpg
Sankta Cecilia måla av Simon Vouet.
Føddca. 200
FødestadRoma
Daudca. 230
DødsstadRoma
Yrkemusikar
Helgendag22. november
Sankta Cecilia sin martyrdød, skulptur i Santa Cecilia in Trastevere av Stefano Maderno.

Heilage Cecilia er ein kristen helgen som leid martyrdøden tidleg på 200-talet, truleg i år 230.[1] Ho er vernehelgen for musikarar og blinde.

Cecilia er rekna som helgen i katolsk og ortodoks kristendom og i delar av den anglikanske kyrkja. Minnedagen hennar er 22. november.[2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje sikre historiske opplysingar om Cecilia. Det kan ha levd fleire personar med dette namnet i antikken som blei æra som heilage i den tidlege kyrkja. Helgensoga som ettekvart blei fortald om Cecilia seier at ho kom frå ein kristen senatorfamilie i Roma, og blei gift bort til ein heidensk adelsmann, Valerianus, som ho overtalte til å leva i eit kysk samliv ved å fortelja at ein engel vakta over kroppen hennar. Etter at maken blei kristna av pave Urban I skal paret ha blitt krona med roser og liljer av engelen. Ifølgje den same soga skal paret ha lidd martyrdøden seinare under kristenforfølgingane. Bødlane mislukkast i å drukna henne i badet hennar, og halshogg henne i staden.

Før ho døydde, og medviten om at ho snart kom til å døy, skal Cecilia ha ordna det slik at heimen hennar blei gjort om til ein stad for gudstenester.

Leivningane hennar blei først lagde i Sankt Calixtus katakomber, der Urban I skal ha teke dei. Sidan 800-talet har relikviane hennar vore i basilikaen Santa Cecilia i Trastevere i Roma.[1]

Framstilling og tilknyting[endre | endre wikiteksten]

Cecilia er blitt feira som helgen sidan omlag 300-talet.[3]

Sidan renessansen har Cecilia ofte blitt framstilt med eit orgel[1] ein bratsj[4] eller eit anna musikkinstrument i bildekunst.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I 1855 skreiv komponisten Charles Gounod ei messe til Sankta Cecilia.[5]

Kor som syng kyrkjemusikk kan ha namn etter heilage Cecilia, som «Ceciliakören» i Svenska kyrkan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bonniers stora lexikon, På CD-rom 2000
  2. Encyclopædia Britannica si 11. utgåve artikkel «Cecilia, Saint», eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.
  3. Kirsch, Johann Peter. "St. Cecilia", The Catholic Encyclopedia. Vol. 3. New York: Robert Appleton Company, 1908. 24. april 2013.
  4. Media, Franciscan (22. november 2015), «Saint Cecilia», Franciscan Media (på engelsk), arkivert frå originalen 2019-11-16, henta 24. november 2019 
  5. Charles Gounod, Masses..., henta 29. april 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Heilage Cecilia