Heini Hemmi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heini Hemmi

Statsborgarskap Sveits
Fødd 17. januar 1949 (75 år)
Churwalden
Yrke alpinist
Heini Hemmi på Commons

Heini Hemmi (fødd 17. januar 1949) frå Churwalden er ein sveitsisk tidlegare skirennar. Han vann gullmedaljen i storslalåm under vinter-OL 1976. I 1977-sesongen, hans beste sesong, vart han nummer sju i verdscupen i alpint og gjekk heilt til topps i storslalåmcupen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hemmi slo gjennom i januar 1970 då han vart nummer i slalåmrennet i Wengen. Ei veke etter gjennombrotet klatra han ein plass opp og vart nummer fire i storslalåmrennet i Kranjska Gora. Under den alpine verdsmeisterskapen i alpint 1970 i Gherdëina kom han som best nummer 11 i slalåm. Dei neste sesongane klarte han ikkje å hevde seg internasjonalt, men vart sveitsisk meister i slalåm 1973 og i storslalåm 1974. Først i 1975 tok han plass i verdseliten i spesialgreina si, storslalåm. 2. mars 1975 oppnådde han sin første pallplass i verdscupen, då han i Garibaldi i British Columbia kom på andreplass i storslalåmrennet, bakom den nye storslalåmkongen Ingemar Stenmark, men hårfint framom den førre storslalåmeinaren Gustav Thöni. I den sveitsiske meisterskapen i storslalåm forsvarte han meistertittelen.

Hemmis største prestasjon var sigeren i storslalåm under OL 1976 i Innsbruck. Med samanlagttida 3.26,97 var han 0,20 sekund føre landsmannen Ernst Good, som sikra sveitsisk dobbeltsiger framom Ingemar Stenmark. På tampen av OL-sesongen tok han sin første siger i verdscupen, då han vann suverene eit renn i Mont Sainte-Anne. Og så vart han sveitsisk meister på ny, men då i slalåm. Sesongen 1976/77 var Hemmi den beste storslalåmrennaren i verda, han vann då tre renn og kom seks gongar på pallen i verdscupen. Totalt kom han på sjuandeplass i verdscupen.

Året etter, 1978, kom Hemmi på åttandeplass i verdscupen og vart nummer fire i storslalåmcupen. Han kom då på andreplass i tre storslalåmrenn. Under VM i alpint 1978 i Garmisch-Partenkirchen kom han på fjerdeplass i storslalåm. Han vann og den sveitsiske meisterskapen i storslalåm, hans femte og siste SM-tittel. I sin siste sesong kom Hemmi to gongar på pallen i verdscupen, han avslutta den 19. mars 1979 si tid som aktiv med ein andreplass i Furano i Japan. Atter ein gong måtte han sjå slått av Ingemar Stenmark.

Hemmi stod 13 gongar på pallen i verdscupen i alpint, alle gongane etter slalåmtevlingar.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Øving
18. mars 1976  Canada Mont Sainte-Anne Storslalåm
12. desember 1976  Frankrike Val-d’Isère Storslalåm
2. januar 1977  Sveits Ebnat-Kappel Storslalåm
24. januar 1977  Sveits Adelboden Storslalåm

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]