Heinrich Laube

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heinrich Laube

Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 18. september 1806
Szprotawa
Død

1. august 1884 (77 år)
Wien

Yrke skribent, skodespelforfattar, politikar
Medlem av Alte Breslauer Burschenschaft der Raczeks
Signatur
Heinrich Laube på Commons

Heinrich Rudolf Constanz Laube (18. september 18061. august 1884) var ein tysk forfattar og dramatikar, hovudsakleg kjent som teaterleiar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Heinrich Laube var son av ein hanskemakar og voks opp i beskjedne kår. Han fekk ein friplass ved gymnaset i Glogau, men måtte betala for seg ved å gje hjelpeundervisning. I 1825 skifta han over til det litt meir liberale gymnaset i Schweidnitz.

I 1826 blei han immatrikulert ved Universität Halle-Wittenberg, der det var meininga at han skulle studera teologi. Dei tre fyrste semestera var han svært aktiv i ei opprørsk studentforeining, og måtte sitja nesten to månader i arresten til universitetet. I det fjerde semesteret byrja han ved Breslau, utan at han konsentrerte seg stort meir om studiane: òg i Breslau var han aktiv i ei studentforeining.

I Breslau kom han inn i ein krins av unge litteratar, og debuterte som teaterkritikar i byrjinga av 1829. Same året byrja han å studera litteraturhistorie og var redaktør ved det kortlivde tidsskriftet Aurora.

Då Laube ikkje klarte å velja ein løpebane, tok han i 1830 tilsetjing som huslærar. På denne tida sympatiserte han med den franske julirevolusjonen og den polske novemberoppstanden.

På slutten av 1832 blei Laube redaktør for Leipzig-avisa Zeitung für die elegante Welt, og fekk no eit talerøyr der han kunne uttrykka dei politiske synspunkta sine, mellom anna begeistringa for ungtyskarane. Kritikken mot styresettet i Tyskland blei stadig sterkare, og etter skarpe essay han skreiv sommaren 1833, blei han arrestert i Berlin året etter. Han slapp ut først mot slutten av april 1835, og blei forvist til Naumburg, der han blei sett under omfattande overvaking. Richard Wagner var svært opptatt av skjebnen til Laube i denne tida.[1]

Vinteren 1836/37 felte Berliner Kammergericht straffeutmålinga, og han blei dømd til sju år i fengsel. Etter søknad om nåde og aktiv lobbyverksemd til fordel for han, blei straffa sett ned til 18 månader. Den liberale forfattaren fyrst Hermann von Pückler-Muskau fekk ordna det slik at Laube skulle sitja i Schloss Muskau i Oberlausitz. Her kunne han røra seg fullstendig fritt.

Forsommaren 1839 var Laube godt og vel ute igjen, og saman med ektefellen drog han på reise til Paris, der han blei kjent med nesten alle dei franske kunst- og litteraturstordommane. Etter å ha vendt tilbake i 1840, slo han seg ned Leipzig og byrja å skriva for scena. Nokre av stykka som kom dei neste åra skapte små skandalar: Rococo blei stempla som «umoralsk», Struensee som plagiat av Michael Beer sitt skodespel med same namn, og Prinz Homburg skapte politisk oppstuss.

Laube var teaterdirektør ved Burgtheater i Wien frå 1849 til 1867, i Leipzig frå 1869 til 1870 og ved det nye Wiener Stadttheater frå 1872 (med eit avbrot i 1875) til han pensjonerte seg i 1880.

Laube skreiv essay og drama, og som pensjonist skreiv han ein del romanar og noveller. Skodespela hans er ikkje spesielt originale eller poetiske, styrken hans ligg i grepet om det teatertekniske. Som teaterleiar står han i ei særstilling i det tyske språkområdet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Martin Geck: Richard Wagner, Biographie. Siedler, München 2012, ISBN 978-3-88680-927-1, s. 40
  • Christian Fastl: «Laube, Heinrich» i Oesterreichisches Musiklexikon. Onlineutgaven, Wien 2002 ff., ISBN 3-7001-3077-5.
  • (de) Johannes Weber: «Laube, Heinrich.» I Neue Deutsche Biographie (NDB). Bind 13, Duncker & Humblot, Berlin 1982, ISBN 3-428-00194-X, s. 689–692 (digitalisering).
  • Hanus: «Laube Heinrich». I Österreichisches Biographisches Lexikon 1815–1950 (ÖBL). Bind 5, Verlag der Österreichischen Akademie der Wissenschaften, Wien 1972, s. 45 f. (Direkte lenker: s. 45, s. 46)
  • (de) Heinrich Hubert Houben: «Laube, Heinrich». I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 51, Duncker & Humblot, Leipzig 1906, s. 752–790.
  • Laube, Heinrich i Constantin von Wurzbach, Biographisches Lexikon des Kaiserthums Oesterreich 14. bind, side 193, Wien, k. k. Hof- und Staatsdruckerei 1865
  • «Heinrich Laube», Encyclopædia Britannica 1911, gutenberg.org