Julimonarkiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Julimonarkiet, borgarkongedømmet, er det kongedømmet som vart oppretta i Frankrike 7. august 1830 for Huset Bourbon si yngre linje, Ludvig Filip og hans ætt. Under uroa i Paris 1830 vart kong Karl X av Frankrike tvinga til å abdisera til fordel for den meir liberale Ludvig Filip.

Fridomen leier folket av Eugene Delacroix, 1833

Julirevolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Årsaka til revolusjonen var den rike middelklassa og dei liberale avisene sin opposisjonen mot fire forordninger («Juliordonnansane», Les ordonnances dei Saint-Cloud) underteikna av Karl X den 25. juli 1830:

  1. Knebling av pressefridomen ved at ingen aviser eller tidsskrift kunne utgjevast utan å ha fornya løyve kvar 3. månad, og inga bok på over 20 trykte sider kunne gjevast ut utan løyve
  2. Oppløysing av den nyvalde nasjonalforsamlinga etter berre 70 dagar
  3. Innføring av ein ny vallov som reduserte representantane i nasjonalforsamlinga frå 430 til 258 og innskrenka talet på veljarar med tre fjerdedelar
  4. Nyval vart utskrive til 6. og 13. september

Kongen påkalla 14. artikkel i grunnlova, der han vart gjeven rett til avgjera og setja i verk lovar og forordninger.

Ny konge[endre | endre wikiteksten]

Ludvig Filip I

Etter tre dagar med blodige kampar i Paris (27.–29. juli) vart Ludvig Filip, hertugen av Orléans, utropt til generalstattholder. Først alt for seint innsåg Karl X kva for ein veg det berr, og tilbaud å trekkja lovane tilbake. Men forfatninga vart endra, den eldre greina av Huset Bourbon mista retten til trona, og Ludvig Filip vart utropt til ny konge av Frankrike 7. august 1830.

Ludvig Filip skulle verta den siste kongen i landet. Han sat på trona til februarrevolusjonen og skipinga av Den andre franske republikken den 4. november 1848.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]