Helga Eng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helga Eng

Fødd31. mai 1875
Rakkestad kommune
Død26. mai 1966
NasjonalitetNoreg
Yrkepsykolog, pedagog
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Helga Kristine Eng (31. mai 187525. mai 1966) var ein norsk psykolog og pedagog, og er omtalt som ein pioner innan barnepsykologi.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Helga Eng voks opp i Rakkestad som nummer fire i ein søskenflokk på åtte. Faren Hans Andersen Kirkeng var lærar, kyrkjesongar og småbrukar, og alle søskena hennar vart òg lærarar.[1] Ein av brørne hennar var døvelæraren Hans Eng.

Ho tok eksamen ved Asker seminar i 1895, og arbeidde deretter som lærer i folkeskulen. Ho var lærarinne i Kristiania frå hausten 1900. I 1903 tok ho artium som privatist og byrja deretter på studiar innan barnepsykologi. Eng hadde vorte «fengslet av barnesjelen», som ho sjølv sa det. Det fanst ikkje noko miljø for barnepsykologi i Noreg, men Eng vart lagt merke til og mottok stipend. Ho fekk høve til å ta eit studieopphald i Tyskland, og hadde opphald ved kjente lærestader som Leipzig, München og Hamburg.

I 1913 disputerte Helga Eng til doktorgrad på avhandlinga Abstrakte begreper i barnets tanke og tale. Eng vart den tredje norske kvinna med doktorgrad, og samtidig den første barnepsykologen i Noreg. 

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som doktor gav Eng ut mange sentrale arbeid innan barnepsykologi. Kunstpædagogik. Nutidspædagogik frå 1918 var basert på den første forelesningsserien hennar ved universitetet. Med utgjevinga av Barnetegning i 1926 vart Eng internasjonalt kjend. I dette arbeidet sette ho utviklinga av framstillingsevna til barn i samanheng med den generelle omgrepsutviklinga deira, og viste korleis abstrakte språklege evnar og teiknedugleik heng saman. Boka var ein studie av teikningar laga av niesa til Eng frå ho var 10 månader gammal til ho var 8 år. Ei ny, revidert utgåve kom ut i 1959. Ho vart omsett til fleire språk. Margrethes tegning, fra det 9. til det 24. var ein oppfølgingsstudie som vart gjeven ut i 1944. Originalteikningane til «Margrethe» vart gitt i gåve til Universitetet i Oslo frå Helga Eng sin familie.

I 1938 vart Helga Eng utnemnd til professor i pedagogikk. Ho vart då den første kvinnelege professoren ved Det historisk-filosofiske fakultetet ved Universitetet i Oslo. Ho var med å starta, og vart styrar for, Pedagogisk forskingsinstitutt ved universitetet. Instituttet vart eit allsidig miljø omkring faget pedagogikk under Eng si leiing.

Til 70-årsdagen sin fekk Helga Eng festskriftet Fra pedagogikkens arbeidsfelt. Eng vart oppfordra til å halde fram som vikarierande professor etter pensjonsalder i 1945, og heldt fram til 1948.

Helga Engs hus[endre | endre wikiteksten]

Helga Engs hus på campus Blindern ved Universitetet i Oslo

Institutt og fakultet ved Universitetet i Oslo støtta eit framlegg frå Det akademiske kollegium om at lågblokka ved Eilert Sundts hus på Blindern, som i si tid vart bygd for psykologi og pedagogikk, skulle få namn etter Helga Eng. Det var ei verdig heidring av kvinna som bygde opp Pedagogisk forskingsinstitutt. Eva Nordland heldt talen ved namngjevinga av Helga Engs hus den 8. mars 1983: «Ho bygde opp eit nytt studium, skapte nye forskingsområde og førte inn metodar og straumdrag utanfrå. Men først og fremst gjorde ho gjerninga si ved å vera eit mønster for dei som skulle følgja etter». Helga Eng døydde i 1966. I dag er det ein annan og større bygning som ber namnet hennar – huset til Det utdanningsvitenskapelige fakultet, på nedsida av Blindernveien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lønnå, Elisabeth (29. juni 2022). «Helga Eng». Norsk biografisk leksikon (på norsk bokmål). 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Elisabeth Lønnå: Helga Eng. Psykolog og pedagog i barnets århundre, 2002.