Helga Flatland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helga Flatland

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. september 1984 (39 år)
Flatdal, Noreg
Yrke Forfattar, tekstforfattar
Periode 2010-
Mor Elisabeth Swensen
Debut Bli hvis du kan. Reis hvis du må
Helga Flatland på Commons

Helga Flatland (fødd 16. september 1984)[1] er ein norsk forfattar.

Flatland budde dei to fyrste åra av livet i Fyresdal før familien flytte til Flatdal i Seljord, der ho voks opp.[2] Ho er utdanna tekstforfattar frå Westerdals School of Communications[2] og har bachelorgrad i nordisk språk og litteratur frå Universitetet i Oslo.[3] Ho er busett i Oslo.[3]

Ho debuterte som forfattar med romanen Bli hvis du kan. Reis hvis du måAschehoug i 2010.[3] Boka er om tre barndomsvener som vervar seg og fer til Afghanistan for å delta i krigen der, og dei som vert att heime. Det er fire forteljarstemmer i boka og ho er skriven dels på bokmål, dels på nynorsk.[4] Romanen fekk gode kritikkar og Flatland fekk Tarjei Vesaas' debutantpris, Ungdommens kritikerpris og Aschehougs debutantstipend for henne.[5] I grunngjevinga for tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris skreiv Stein Versto mellom anna: «Her talar ein forfattar som står til truande, som har noko på hjarta, og som med sjølvsagd autoritet etablerer ulike figurar, av båe kjønn og ulike aldrar. Det er gjort med innleving, tyngde og ein forteljande flyt som raskt vekkjer lesaren.».[5] Andreboka hennar, Alle vil hjem. Ingen vil tilbake, kom i 2011 og er ei fortsetjing til Bli hvis du kan. Reis hvis du må. Også den er skriven dels på nynorsk, dels på bokmål, og fekk god mottaking av bokmeldarane.[6]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 2010 – Bli hvis du kan. Reis hvis du må – Roman
  • 2011 – Alle vil hjem. Ingen vil tilbake – Roman
  • 2013 – Det finnes ingen helhet – Roman

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. ««Helga Flatland (16.09.1984)»». forfatterkatalogen.no. Henta 4. mars 2013. 
  2. 2,0 2,1 Helge Ottesen (15. september 2011). ««– Mye mer nervøs nå»». Varden. Henta 4. mars 2013. 
  3. 3,0 3,1 3,2 ««Flatland, Helga»». Nettstaden til Aschehoug. Henta 4. mars 2013. 
  4. Anne Longvik (11. januar 2010). ««Språkleg schizofren»». nrk.no. Henta 4. mars 2013. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 ««Tarjei Vesaas Debutantpris til Helga Flatland»». Nettstaden til Den Norske Forfatterforening. 20. mars 2011. Henta 4. mars 2013. 
  6. Cathrine Krøger (19. september 2011). ««Flatland med elegant oppfølger til debuten»». Dagbladet. Henta 4. mars 2013. 
  7. ««Helga Flatland fekk Ungdommens kritikerpris»». Magasinett. Henta 4. mars 2013. 
  8. «Amalie Skram-prisen til Helga Flatland». Varden. 22. august 2015. Henta 6. september 2017. 
  9. «Mads Wiel Nygaards legat / Vinnere av Mads Wiel Nygaards legat». Aschehoug. Henta 8. september 2017. 
  10. «Bokhandlerprisen til Helga Flatland», VG 23. november 2017

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]