Stein Versto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stein Versto
Fødd 30. desember 1957
Vinje
Yrke omsetjar, redaktør, spelemann, skribent, lyrikar
Far Aslak Versto

Stein Versto (fødd 30. desember 1957) er ein norsk forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og hardingfelespelemann frå Vinje. Han er tilsett i Litterær avdeling i Det Norske Samlaget. Fleire av tekstane hans har Odd Nordstoga tonesett.

Versto debuterte som forfattar med novellesamlinga Ho blei borte i trappene, som vart prisløna med Tarjei Vesaas' debutantpris i 1990.

Spelemannen[endre | endre wikiteksten]

Som spelemann på hardingfele har Stein Versto særleg interessert seg for felespelet i Vest-Telemark. Han har lært mest av Eivind Mo frå Rauland. I 2011 kom han ut med ein solo-CD der han spilar slåttar av og etter brørne Olav Groven og Eivind Groven. Plata har fått namnet Urjen etter ein av dei slåttane som Olav Groven sette sin stempel på. Versto har slåtten i tradisjon etter Eivind Mo, som var mykje saman med Olav Groven i unge dagar og tok sterke inntrykk av han. Olav Groven døydde berre 33 år gamal.

På CD-en finn ein òg fleire av slåttane som Eivind Groven skapte, mellom anna storslåttane Sumarmorgon, Brønnslåtten og Regndagen. Versto har teke inntrykk av framføringar med komponisten sjølv på hardingfele, og han har sett på noteoppskrifter. Eïn av Eivind Grovens slåttekomposisjonar, «Kvelding», har Versto lært av Eivind Mo, som hadde han etter Olav Groven som igjen hadde han etter den yngre broren, Eivind. Eivind laga slåtten i 1924. Slåtten er blitt noko omforma på vegen frå fele til fele. Det er interessant å samanlikne opptak med opphavsmannen med framføringa av slåtten slik han er spela av Versto i 2011.

Med plata fylgjer eit hefte om slåttekjeldene, slåttane og om det sterke bandet som lyrikaren Versto opplever mellom musikk og natur.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Ho blei borte i trappene – Noveller (1990)
  • Innfalda tid, minne – Dikt (1995)
  • Snø i partituret – Dikt (2000)
  • Nidaros – Roman (2013)

Solo-CD med hardingfelespel[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]