Helga Wéber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helga Wéber
ESC2013 - Hungary 01.jpg
Helga Wéber (t.v.), ByeAlex og Dániel Kővágó (t.h.) under Eurovision Song Contest 2013.
FødenamnHelga Wéber
InstrumentVokal

Helga Wéber er ein ungarsk songar.

A Dal 2012[endre | endre wikiteksten]

Musikkgruppa Compact Disco sendte inn den engelskspråklege songen «Sound of Our Hearts» til Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA) og vart valt ut til å delta i A Dal 2012, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2012. Wéber var med som støttevokalist. Bidraget deltok i den fyrste semifinalen der dei vann og gjekk vidare til finalen. Dei enda mellom dei fire beste i finalen og gjekk vidare til superfinalen der dei òg vann. Compact Disco fekk dimed representere Ungarn.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan deltok dei i den andre semifinalen 22. mai 2012 og enda på tiandeplass med 52 poeng; åtte frå Romania, sju frå Albania, seks frå Sveits og Belgia, fem frå Kypros, Danmark og Moldova, fire frå Finland og Austerrike og to frå Aserbajdsjan. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 39 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 76 poeng. Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 26. mai 2012 der dei enda på 24. plass med 19 poeng; åtte frå Slovakia, sju frå Romania, to frå Serbia og eitt frå Tyrkia og Moldova. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på ellevteplass med 39 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på sjuandeplass med 76 poeng. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget enda på 22. plass med 20 poeng og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget enda på 23. plass med 30 poeng.

A Dal 2013[endre | endre wikiteksten]

Songaren ByeAlex sendte inn den ungarskspråklege songen «Kedvesem» til Médiaszolgáltatás-támogató és Vagyonkezelő Alap (MTVA) og vart valt ut til å delta i A Dal 2013, den ungarske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013. Wéber var med som støttevokalist for andre året på rad. Bidraget deltok i den andre kvartfinalen, gjekk vidare til den andre semifinalen og gjekk til slutt vidare til finalen. I finalen vann bidraget telefonrøystinga og fekk representere Ungarn.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

I Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige deltok dei med ein remiks av songen med tittelen «Kedvesem (Zoohacker Remix)». Saman med Mónika Hoffmann hadde dei òg skrive eit refreng på svensk, men fekk ikkje framføre dette i tevlinga av di tidsfristen gjekk ut før den nye teksten var klår. Ungarn deltok i den andre semifinalen 16. mai 2013 og enda på åttandeplass med 66 poeng; tolv frå Sveits, ti frå Tyskland, åtte frå Finland, sju frå Albania, seks frå Belgia og Romania, fire frå San Marino, tre frå Israel, Georgia og Frankrike og to frå Latvia og Noreg. Landet kvalifiserte seg dimed til finalen 18. mai 2013 der dei enda på tiandeplass med 84 poeng; tolv frå Tyskland, ti frå Finland og Sveits, åtte frå Albania, sju frå Nederland, seks frå San Marino og Bulgaria, fem frå Litauen, fire frå Estland og Kroatia, tre frå Sverige og Italia og to frå Hellas, Noreg og Serbia. Dette var den tredje beste plasseringa til eit ungarsk bidrag og Kedvesem vart dimed eit av dei mest suksessfulle ungarske bidraga fram til 2013.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«Hungary - 2012» (engelsk). Diggiloo.net. Henta 25. mai 2013.  «Hungary - 2013» (engelsk). Diggiloo.net. Henta 25. mai 2013.